Hopp til innhold

Voktar Sogndalburet med nasemaske

Sogndal-keeper Erik Dahlin er klar etter ein stygg smell førre kamp. Mest truleg spelar han med maske for å beskytte nasen.

Erik Dahlin

MED MASKE: Keeper Erik Dahlin knekte nasebeinet under kampen sist helg, men i kveld er han klar igjen i Sogndalmålet.

Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball

Keeperen fekk seg ein kraftig smell i ansiktet i kampen mot Strømsgodset førre helg. Han fekk kneet til ein Strømsgodset-spelar i ansiktet og knekte nasebeinet.

Keepertrenar Terje Skjeldestad seier Dalin skal vakte Sogndal-målet i kveld når dei møter Odd på bortebane.

– Han er klar for dagens kamp og mest truleg spelar han med maske på. Han brukte den under trening i går og det fungerte fint, seier Skjeldestad.

Treng poeng

Sogndal har tapt dei fire siste kampane og treng sårt poeng for å halde seg unna kvalik-plassen. Laget ligg på 13. plass på tabellen med 29 poeng.

På dei tre siste plassane ligg Tromsø med 25 poeng, Hønefoss med 24 og Sarpsborg 08 med 23. Alle desse laga har fem kampar igjen å spele i årets serie.

Budde på eit tøft møte

Skjeldestad seier dei er godt budde til å møte Odd i kveld. Kveldens motstandar ligg på 8. plass på tabellen med 32 poeng.

– Odd er eit lag vi har hatt bra tak på, men eg trur det blir ein jamn kamp. Dei er tøffe for tida, er god heime og er bra i støtet. Vi skal satse alt og har ikkje mista motet. Det gjer vi aldri, seier Skjeldestad.

No skal trenarteamet i møte for å ta ut kveldens lag. Klokka 16:45 blir det offentleg kva for 11 spelarar som startar.

– Men eg kan seie allereie no at keeper Erik Dahlin skal stå i mål, seier Skjeldestad.