Kampen var avgjort lenge før laga gjekk til pause. Ola Kamara scora ekte hat-trick, og Adama Diomande smelte inn 0–4 allereie før klokka hadde passert 26 minuttar.
Med innbytar Flamur Kastrati si første scoring for drammensklubben vart det til slutt 0–5.
– Dei første 25 minutta øydela alt for oss. Vi skulle ut og angripe Strømsgodset. I staden bryt dei og kjem i overtal. Vi gjorde det lett for dei, resignerer Gustav Valsvik etter stortapet.
– Ikkje slik vi ynskjer
Strømsgodset hadde ikkje vunne i Sogndal sidan 1986, og statistikken viste åtte uavgjort på ti siste oppgjer.
Eit heimelag sugen på å stogge tapsrekkja på tre kampar mot gulljagande Strømsgodset, gjorde at kampen hadde eit godt utgangspunkt. Måla kom, men dei kom feil veg for heimepublikumet.
- LES OGSÅ:
– Vi er inne i ein dårleg periode. Då er det sjølvsagt tungt. Spelet er ikkje slik vi ynskjer, vedgår Azar Karadas som starta kampen på benken.
– Det var ikkje artig, men skjedd er skjedd. Strømsgodset er veldig gode og straffar oss knallhardt når vi gjer feil. Det er ein grunn til at dei er i toppen, og vi er på andre sida, seier nordfjordingen.
– Må stå samla
– Kva har skjedd med Sogndal?
– Det er det vi også prøver å finne ut av, og det er sikkert fleire faktorar. No er det «back to basic» og finne tilbake til der vi var i vår. Vi må stramme inn på alle punkt og finne forma att.
(Artikkelen held fram under videoen)
– Det vil alltid komme opp spørsmål om spelestil og form, men dette må vi finne ut av og jobbe med internt. No skal vi trene godt til veka, stå saman om dette og løyse dette saman, legg Karadas til.
Sogndal meir med
For Sogndal skapte sine halvsjansar, men før dommar Terje Edvardsen blåste for halv tid, var gjestene frå Drammen likevel nærare 5–0 enn heimelaget redusering. Sogndal gav Strømsgodset lov til å vere effektive.
- LES OGSÅ:
– Då vi fekk dei tre raske måla, skjønte vi sigeren var i boks og vi kunne roe litt ned, seier Adama Diomande etter kampen.
– Meininga var å køyre på i andre omgang, men Sogndal skjerpa seg og kom meir med, legg Strømsgodset-trenar Ronny Deila til.
Stor utforbakke
Skilnaden mellom dei to laga var langt mindre etter kvilen. Nemnde Karadas erstatta Mahatma Osamanu Otoo og tilførde meir musklar og duellstyrke i dei bakre rekker.
– Det er dei første 25 minutta som øydelegg alt for oss. Fire raske mål, dei er effektive og gjer mål på sine sjansar. Det gjer ikkje vi, og då går det i ein stor utforbakke for oss, oppsummerer Sogndal-trenar Jonas Olsson og konstaterer at dei med ei forsvarsrekke på fem spelarar kom meir med i kampen.
– 0–5 på heimebane er ikkje godt nok, men samstundes kjendest det tyngre ut etter Start-kampen. Strømsgodset er eit godt lag, seier Valsvik.
Trur på eliteseriespel
Med sitt fjerde strake tap siglar Sogndal i full fart mot ein kamp for tilværet. Med ein kamp meir, er det no fire poeng ned til Tromsø på kvalifiseringsplass.
– Vi har tatt 29 poeng. Det kan ingen ta ifrå oss. No gjeld det å ta dei siste poenga som gjer at vi spelar i Eliteserien neste år også, seier Karadas. Også trenar Jonas Olsson kjenner seg trygg på at dei klarer å snu trenden.
– Det er opp til oss sjølve. Vi har vore i denne situasjonen før og har framleis eit tal heimekampar att å gjere det på. Eg er meir uroa for at bana no er byrja å bli glatt fordi undervarmen ikkje fungerer, avsluttar han.