Hopp til innhold

– Vi trur turistane er villige til å betale for å få det reint og fint rundt seg

Bygdefolk fortvilar over turistar som legg att avfall og avføring i naturen. Visit Nordfjord ønsker at turistane betaler for betre infrastruktur.

Marita Lindvik

LANGSIKTIG VERKEMIDDEL: Reiselivssjef i Visit Nordfjord, Marita Lindvik, meiner det må på plass ei fellesgodefinansiering, men at det vil ta tid. Ho seier det er ikona som er ekstra belasta i Nordfjorda, andre stader kjempar ein for gjestene.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har påpeikt i fleire år at dette vil kome. Utfordringa vi no ser rundt kjende turiststader i Lodalen er noko som kjem til å auke dei neste åra, grunna i turistveksten, seier reiselivssjef i Visit Nordfjord, Marita Lindvik.

Visit Nordfjord vil ta tak i problemstillinga og har starta opp eit todelt prosjekt, der eitt av siktemåla er å finne løysingar på problem med avfall og avføring frå turistar, som dei ein ser i Lodalen. Prosjektet har fått namnet Testlab Nordfjord.

– Det første målet vårt er å få opp ei felles plattform for betaling, bestilling og informasjon om Nordfjord som reiselivsdestinasjon. Nummer to – som er veldig viktig – er å oppfordre til betaling av fellesgoder, seier Lindvik.

– Tek seg til rette

Ved naturperla Breng i Lodalen fortel Sverre Sæten om villcamparar som etterlèt seg toalettpapir og avføring.

– Breng er ein stad bygdefolk bruker som rekreasjonsområde. Problema har eskalert dei seinare åra. Folk tek seg til rette, seier Sæten.

Slike problemstillingar er kjende mellom anna frå Lofoten. I Aurland tende ein lokal innbyggjar på alle pluggar då ho kom over ein turist som gjorde sitt fornøgde bak bubilen nær sentrum. Også bygdefolket i Lodalen lar seg engasjere i temaet.

Frå Bregn, Lodalen

- HAR ESKALERT: Problema har eskalert dei seinare åra, seier Sverre Sæten, som har teke dette biletet ved Breng i Lodalen.

Foto: Sverre Sæten / Privat

– Det er blitt ein snakkis, seier Sæten.

Nasjonalt nivå

Visit Nordfjord ønskjer at fellesgodefinansiering skal betale for infrastruktur som kjem turistane til gode, men Lindvik ønskjer ikkje å kalle ordninga for ein turistskatt. Stortingsrepresentant for KrF, Tore Storehaug, er ein av dei som har teke til orde for ein turistskatt, mens næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) ikkje vil ha det.

– Eg trur ikkje ekstra skattar er ein god idé, det kan gjere at turistar som vi vil skal kome, ikkje kjem, har han tidlegare uttalt.

Lindvik er klar på at problemstillinga må løftast opp på eit nasjonalt nivå.

– Slik det er no, at kommunane skal løyse det kvar for seg, er ikkje ei god løysing. Ein må ha med både kommune, fylke og stat.

– Betalingsvilje

Til ein eventuelt får på plass ei fast ordning, trur ho frivilllig turistbetaling for fellesgode kan vere eit alternativ. Lindvik meiner betalingsviljen er til stades blant turistane.

– Vi trur gjestene er villige til å betale for å få det reint og fint rundt seg, og for informasjon. Dette er ei ordning som eksisterer i andre land, så kvifor skulle vi ikkje få det til i Noreg?

Visit Nordfjord jobbar no med å få finansiert prosjektet, og har invitert kommunar, fylkeskommune, destinasjonar og andre aktørar til eit fellesmøte til hausten.