Hopp til innhold

Her møtte Heidi ein bubilturist med buksa nede – bad han plukke opp bæsjen sin og reise

Då Heidi Haveland såg ei rumpe bak bubilen som stod villcampa, tente ho på alle pluggar. – Det å drite langs vegen til folk er uhygienisk, ekkelt og respektlaust.

Heidi Haveland

CAMPING FORBODE: Bubilturisten stod parkert like ved Aurland idretts- og samfunnshus, som ligg ved idrettsbana nær sentrum i Aurland.

Foto: Privat

Hunden Prima har fått ferten av avføring i vegkanten

DOPAPIR: Ifølgje Haveland har det i sommar vore store mengder med menneskeavføring og dopapir i området. – Hunden min får alltid ferten av det. Det er ekkelt, seier ho.

Foto: Heidi Haveland

Det kokte over for Haveland då ho fredag morgon var på tur med hunden sin i området ved idrettsbana i Aurland. I området ligg idrettshall, samfunnshus og barne- og ungdomsskulen i bygda.

Aurland er ein av dei store reiselivskommunane på Vestlandet, og tusenvis av turistar besøker området årleg.

– Eg har sett mykje bæsj i området, så då eg såg den kvite rumpa bak bilen, forstod eg kva som skjedde. Klikk sa det for meg, så gjekk eg bort og fortalde han at dei ikkje hadde lov til å parkere der, og at det ikkje gjekk an å drite der.

Ho fortel at mannen såg ho komme bort og at han raskt fekk på seg buksa. På bakken såg ho papir, og Haveland kava seg opp. I farten fekk ho ikkje med seg verken skiltnummer eller nasjonalitet. På engelsk la ho ut med sint stemme.

– Eg var så sint at eg hugsar ikkje alt eg sa. Til slutt gav eg han ein hundebæsjpose og bad han plukke opp, og reise derifrå.

Laurdag morgon tok Haveland ein ny turist på fersken same plass. Kvinna fekk utdelt ein hundepose og plukka opp etter seg, fortel Haveland.

Meiner mannen kunne ha bæsja i bubilen

Bæsj og dopapir frå turistar som gjer frå seg langs vegane er slett ikkje noko nytt. Tidlegare i veka fortalde NRK om fortvila innbyggjarar i Lodalen i Stryn, der dei fastbuande no vegrar seg mot å bruke badestranda i frykt for å finne andre si avføring.

Tydeleg skilt om at camping er forbode i området ved Aurlandshallen, Aurland idretts- og samfunnshus

SKILTA: Dette skiltet gir tydeleg beskjed om at det ikkje er lov å campe på området.

Foto: Heidi Haveland

Området i Aurland er skilta camping forbode. Trass skiltinga seier Haveland at det i sommar har blitt meir avføring og dopapir i buskene.

– Vi bur her. Når dei reiser ligg bæsjen att. Så spring ungane langs elva og kan trakke i det. Dei kan gå i skogen og grave det ned om dei ikkje har råd til å leige seg inn på ein campingplass eller bæsje i sin eigen bubil, seier ho.

Då Haveland køyrde forbi ein time seinare registrerte ho at bubilen var vekke.

Heidi Haveland og hunden ved Aurlandshallen

SINT: Det Haveland trur var familien til mannen fekk med seg opptrinnet. Ho vedgår at situasjonen kunne vore handtert betre. – Eg var ikkje hyggeleg eller høfleg, eg vart rett og slett litt sint.

Foto: Privat

Ordførar vil vurdere tiltak

Aurland-ordførar Noralv Distad blir opprørt når han får høyre om den dotrengde turisten.

Noralv Distad i Gudvangen

TEK GREP: Ordførar Noralv Distad i Aurland seier dei har bygd ut eit tilbod med toalett, og at dei må kunne forvente at folk nyttar seg av dei. Han ber no kommunen sine folk vurdere ytterlegare tiltak.

Foto: NRK

– Eg blir skuffa. Uansett om folk er turistar eller anna, så må folk vise alminneleg folkeskikk.

Han meiner det var heilt unødvendig å gå på do på den måten, og viser til at det er ein campingplass ein knapp kilometer unna og at det er fleire toalett i sentrum.

– Denne oppførselen er ikkje akseptabel. Når det er sett opp skilt om campingforbod og det er eit godt utbygd tilbod med toalett og campingplass i området, så må folk oppføre seg.

Han har no bede kommunen sine folk undersøke saka og vurdere tiltak.

Her stod den dotrengde bubilturisten parkert

HER STOD DEI PARKERT: Haveland seier bubilen stod parkert på parkeringsplassen til høgre i biletet, langs elva. Laurdag morgon tok ho nok ein turist på fersken i same område. – Dette kan ikkje halde fram, seier Haveland.

Foto: Heidi Haveland