– Eg tykkjer det er heilt forferdeleg, det er skikkelege ruer vi ser. Det er forferdeleg uhygienisk, det er uappetittleg og skrekkeleg.
Grunneigar Karin Sæten opplever ulempene av turistboomen på nært hald. Både ho og sambygdingane er uroa over det som skjer i Lodalen - dalen som vert vert rekna som eit av dei vakraste dalføra i landet.
Bileta herfrå sel Noreg som turistnasjon, og turistane strøymer til i tusental. Men det bileta ikkje syner, er den veksande skog av telt langs vegar og vatn.
Lokalbefolkninga har fått nok
Bilete frå Lovatnet i sosiale medium driv fram utviklinga. Dei siste to åra har telting tatt heilt av. I hovudsak unge nordmenn som vil utforske fjellheimen. Men kven som skal rydde opp etter dei har ingen tenkt på.
– Dette er folk som er bevisste på allemannsretten. Vi kan ikkje jage dei, men her er store problem, seier Sæten.
Ho får støtte frå sambygding Elin Sande Beinnes:
– Allemannsretten blir utnytta. Telta står lenger enn to døger, og det blir ikkje rydda skikkeleg.
Beinnes kallar det villcamping.
– Her er opp mot 25 telt samstundes. Skogen blir doen, ein kan sjølv tenke seg.
Beinnes seier lokalbefolkninga no vegrar seg for å bruke stranda like ved.
– Berre du flyttar ein stein risikerer du å møte på avføring.
Teltar i Lodalen
Kim Nicholai Nyhus Tveter og venegjengen nyt teltlivet.
– Vi skal ikkje ha dårleg samvit for å bruke allemannsretten. Folk må nytte seg av naturen, samstundes er det synd at det vert forsøpla, seier Nyhus Tveter. Han skulle gjerne sett betre løysingar.
Ovanfor fylkesvegen må ein passe seg for avføring.
– Det er jo eit problem at ein må bruke naturen til slikt. Då prøvar ein å gå på plassar som er minst mogleg eksponert for andre, seier Nyhus Tveter.
Regjeringa: – Lokalsamfunna må ordne opp
Statssekretær Magnus Thue (H) i Nærings- og fiskeridepartementet seier allemannsretten er norsk kulturarv. Friluftslova set nokre avgrensingar, til dømes at folk ikkje teltar meir enn to døger utan avtale.
– Turistane strøymer til Noreg, det skal vi vere stolte av. Når det gjeld kven som skal rydde opp bør reiselivsnæringa finne eigna måte å finansiere det på. Til dømes gjennom frivillige spleiselag mellom private og offentlege.
Vurderer å ta rekninga og sette opp toalett
Ordførar i Stryn kommune, Sven Flo (H) vil ha på plass løysingar til neste år. Kanskje blir det spleiselag, men kommunen meiner også staten har eit ansvar.
– Turistane må finne seg til rette, og innbyggarane må ikkje føle at dei tilreisande blir ei stor belastning.
Blir brått som ein campingplass
Karin Sæten er ikkje sikker på kva som skal gjerast:
– Det er vanskeleg å berre sette opp eit toalett, då blir dette brått som ein campingplass, og det vil vi ikkje.