Vind og nedbør gir problem på fjellovergangane

– Kraftig vind og kast, kombinert med nedbør, fungerer dårleg med bilkøyring i fjellet, seier trafikkoperatør Marius Råve ved Vegtrafikksentralen.

Kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet 5. desember 2019

OPE ATT: Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet var ein av fleire fjellovergangar som torsdag vart stengde på grunn av uvêr.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

  • Artikkelen vart skriven torsdag 5. desember, men oversikta nedst i saka er oppdatert fredag 6. desember.

Den kraftige vinden, kombinert med nedbør, gir som venta utfordringar på fjellovergangane.

Fleire fjellovergangar er stengde torsdag. Andre kan bli stengde på kort varsel. I tillegg har også uvêr fått følgje for Fjord1 og Norled sine ruter til sjøs.

Eit lågtrykk har gjeve ei rekkje problemstillingar for vegfarande over heile landet, med både glatte vegar, stengde vegar og skredfare .

Meteorolog Lars Andreas Selberg ved Vêrvarslingar på Vestlandet

RUSKETE: Det er ein ruskete torsdag på Vestlandet, konstaterer statsmeteorolog Lars Andreas Selberg.

Foto: Cato Kristensen / NRK

I tillegg har det ført med seg rikeleg med nedbør og vind som frå natt til torsdag gjer seg gjeldande langs kysten, og i fjellet, frå Vestlandet til Trøndelag.

Kraftige vindkast kan få følgje for brusamband langs kysten.

– Det er venta sørvestleg sterk kuling utsette stader, ved Stad har vinden i morgontimane kome opp i sterk storm, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg.

Av fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet er E16 den mest stabile. Filefjell mellom Lærdal og Valdres har til no halde seg open.

Torsdag ettermiddag vart det klart at riksveg 15 over Strynefjellet blir stengt ut dagen.

– Brøytebilsjåførane fortel om vind frå sterk kuling til storm, og veldig varierande sikt, fortel Vidar Sanden i Mesta drift.

Trafikkmeldingar på vegvesen.no

TRAFIKKMELDINGAR: Det kan vere vel verd å halde seg oppdatert på vêr- og føreforhold på Statens vegvesen sine nettsider.

Foto: Skjermdump / Statens vegvesen

Meteorologane har sendt ut farevarsel på gult nivå for kraftige vindkast på land. Fram til i ettermiddag kan ein utsette stader få vindkast opp mot 35 meter per sekund.

– Vinden kjem til å roe seg litt allereie i kveld, men den vil framleis ligge på sørvest stiv kuling, liten storm ved Stad. Så minkar den inn mot fredagen, seier Selberg.

Reisande blir oppmoda om å følgje med på nettsidene til Statens vegvesen for oppdaterte vegmeldingar.

Fjellovergangar i Sør-Noreg:

  • E6 Dovrefjell: Vekslande bert og vått, snø- og isdekke og fare for glatte parti. Klokka 05.45 var det -4 grader, nordvestleg lett bris og skya opphaldsvêr.
  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke. Klokka 05.40 var det 1 grad, laber bris og lett snø.
  • E134 Haukelifjell: Snødekke. Klokka 05.45 var det 0 grader, liten kuling og snø.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Snø- og isdekke. Klokka 05.30 var det -2 grader, stiv kuling og skya.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Vekslande snø- og isdekke. Klokka 11.15 var det -1 grad, laber bris og lett snø.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke, fare for glatte parti. Klokka 06.40 var det -1 grad, nordvestleg laber bris og middels snø.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke, somme stader glatt. Kolonnekøyring kan innførast på kort varsel. Klokka 05.30 var det -1 grad og laber bris og lette snøbyer.
  • Fv. 13 Gaularfjell: Opna. Klokka 09.30 var det snø- og isdekke.
  • Fv. 50 Hol – Aurland: Snø- og isdekke, redusert sikt på grunn av snøfokk. Klokka 08.50 var det -1 grad, stiv kuling og opopholdsvêr.
  • Fv. 51 Valdresflye: Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering fredag klokka 13.
  • Fv. 53 Tyin – Årdal: Opna etter ny uvêr og oppryddingsarbid. Fylkesvegen er frå før stengd ved Holsbruvatnet til 15. desember på grunn av vegarbeid. Statens vegvesen rår reisande om køyre via Lærdal.
  • Fv. 55 Sognefjellet: Vinterstengt. Planlagt opna att 1. mai 2020.
  • Fv. 63 Geiranger – Langvatn: Stengt på grunn av vanskelege køyreforhold.
  • Fv. 520 Hellandsbygd – Breiborg: Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv. 520 Breiborg – Røldal: Stengt på grunn av uvêr.

Stengde fjellovergangar i Nord-Noreg:

  • E69 Skarsvåg – Nordkapp: Stengt på grunn av vanskelege køyreforhold.
  • Fv. 890 Kongsfjordfjellet: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Fv. 891 Båtsfjordfjellet: Kolonnekøyring.