Stengde bru grunna sterk vind – men bilistar bryr seg ikkje

– Livsfarleg, seier vegvesenet. Politiet måtte stoppe to sjåførar som må punge ut 6800 kroner.

Blålys ved rugsundbrua

DRISTIG: Politiet rykte ut etter meldingar om fleire køyretøy som kryssa den vêr-stengde Rugsundbrua i Bremanger, Onsdag ettermiddag.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Du kan setje både deg sjølv og andre i stor fare, seier operasjonsleiar Ketil Molvær i Vegtrafikksentralen.

Vindkast på over 30 sekundmeter gjorde at Rugsundbrua i Bremanger måtte stengjast onsdag ettermiddag. Stenginga førte til lange køar. Men ikkje alle ville stå i kø, og trassa det raude lyset og kryssa brua.

– Eit kjent problem, seier Molvær.

Fekk førelegg

Reporter i NRK Sogn og Fjordane, Solveig Svarstad, som sjølv stod vêrfast ved brua, såg fleire bilar køyre over i den kraftige vinden.

– Her står det stengd, men det verkar ikkje som at folk respekterer det. Det har komme fleire bilar i begge køyreretningar.

Svarstad såg at politiet følgde etter to bilar, med blålys. Operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt fortel at førarane fekk kvar sine forenkla førelegg.

Han meiner slike episodar kan vere farlegare enn folk trur.

–Det er jo ein god grunn til at brua er stengt under slike forhold, seier han.

– Folk forstår ikkje alvoret

Vaktoperatør Ketil Molvær i Statens vegvesen fortel om liknande tilfelle, ved vêr-stengde bruer tidlegare. Han meiner det er eit problem at folk ikkje respekterer naturkreftene som er i sving.

– Me har sett bilar velte og lagt seg inn mot rekkverk og lause gjenstandar som byrjar å flyge, så det kan vere skummelt. Dei skjønnar ikkje at det er så farleg som det er, seier Molvær.

Han rår bilistar frå å gjere slike krumspring, og respektere lova.

– Det er både farleg og ulovleg. Dersom det til dømes skjer noko med bilen og fleire må trø til, så utset ein jo seg sjølv og andre for fare. Difor tilrår me på det sterkaste å vente til brua opnar igjen, og det er trygt å køyre over, seier Molvær.