Hopp til innhold

Villaksseminar fekk fart i fiskelukka

– Ein kan ha mange innvendingar til Engebø, men villaksen er ikkje ein av dei, seier fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, godt nøgd etter å teke sin første laks nokon sinne.

Frank Willy Djuvik på laksefiske i Naustdal

FØRSTE LAKS: Fylkespolitikar Frank Willy Djuvik (Frp) prøvde fiskelukka etter seminaret om villaks – med stort hell.

Foto: Odd Haugsbakk

I forbindelse med den store samlinga i Naustdal mot gruvedeponi, sentrert rundt sommarleiren til Natur og Ungdom, nytta Norske Lakseelver høvet og inviterte ei rekke politikarar til seminar om stoda til villaksen i Sogn og Fjordane. Dei er uroa for konsekvensane av gruvedeponi. Det er ikkje Djuvik.

Meiner gruvedeponi ikkje vil skade laksen

– Nei, det er eg ikkje. Det er jo ganske grundig greia ut i utsleppsløyvet som er gitt, og det er sett ganske mykje på kva påverknad dette kan ha. Laksen beveger seg i dei øvre felta i vatnet og vert i utgangspunktet ikkje påverka. I tillegg er det slik at når laksen skal ut går den veldig fort gjennom fjorden, seier Djuvik

Politikarar på villaksseminar i Naustdal

LÆRERIKT: Riks- og lokalpolitikarar samla seg til seminar om villaksen, etter debatt om gruvedeponi i Førdefjorden.

Foto: Odd Haugsbakk

Han seier det er viktig for dei som politikarar å innhente denne typen kunnskap.

– I alle konsesjonsbehandlingar som vi har gjer vi ei konkret vurdering knytt til risiko og påverknad på villaks. No skal vi utarbeide eit eige kystsonekart for Sogn og Fjordane, og her er det viktig å sjå ting i samanheng.

Uroa for verneregimet

Vegard Heggem i Norske Lakseelver som stod bak arrangementet understrekar at det ikkje var lagt opp til noko politisk debatt.

Vegard Heggem

UROA: Vegard Heggem i Norske Lakseelver er uroa for smitteeffekten av avgjersla om gruvedeponi.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Vi ville ufarleggjere det litt. Av og til må politikarane få lov til å kome og vere litt blanke! Mange har behov for kunnskapspåfyll, så det var det dagens seminar handla om, seier den tidlegare Liverpool-proffen.

Han seier seg godt nøgd med seminaret.

– Det var positiv deltaking frå alle parti. Vi fekk informasjon frå forskinga, informasjon frå lokale elveeigarar og videoklipp frå unge laksefiskarar som formidla den entusiasmen og engasjementet som villaksen medfører, så det vart ein kjempefin ettermiddag.

I etterkant av seminaret var det lagt opp til at politikarane sjølve kunne få prøve seg som laksefiskarar. Heggem legg ikkje skjul på at tidspunktet for seminaret ikkje var tilfeldig. Saka om gruvedrift og sjødeponi på Engebø engasjerer dei sterkt.

– Vi synest dette er utruleg urovekkande for laksen i Førdefjorden, Nausta og Jølstra, men generelt så synest eg dette er skummelt med tanke på verneregimet for nasjonale laksefjordar og -vassdrag. Vi fryktar at om det vert eit sjødeponi her i Førdefjorden vil det vere med på å svekke autoriteten og statusen til dette verneregimet, og skape ein negativ effekt for villaksen i heile landet.