Hopp til innhold

Møtte knallhard motstand i Vevring

VEVRING (NRK): Bjørn Lødemel (H) og resten av forkjemparane for fjorddeponi i Førdefjorden fekk køyrt seg under den politiske debatten i Vevring laurdag. Likevel trur dei ikkje at motstandarane vil vinne fram.

Debatt vevring fjorddeponi

OPPHEITA: Debatten i Vevring fekk god temperatur. Representantar frå ni parti stilte til paneldebatt om gruvedrift og fjorddeponi. I panelet var (frå venstre) Jenny Følling, fylkesvaraordfører (Sp), fylkesleiar for Raudt, Ingunn Kandal, Tore Storehaug, 2. kandidat fylkestinget (KrF), Trine Skei Grande, partileder (Venstre), Audun Lysbakken, partileder (SV), Frank Willy Djuvik, 1. kandiat fylkestinget (FrP), Rasmus Hansson, nasjonal talsperson (MDG), Hilmar Høl, fylkespartileder (Ap) og Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant (Høgre).

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Fleire hundre tilskodarar var laurdag samla i Vevring, blant anna for å høyre kva politikarane hadde å seie om det planlagde fjorddeponiet i Førdefjorden.

Det var likevel tydeleg at dei fleste som observerte debatten var motstandarar av fjorddeponi. Jubelen var nemleg høg under appellane frå gruvemotstandarar før debatten, og like høg då motstandarar uttrykte si meining i debatten. Bordet med sjømat frå Førdefjorden som var plassert godt synleg i teltet la heller ikkje skjul på motstanden.

– Ja, det var veldig tydeleg, men eg synest det er heilt greitt. Folk må få lov å ha meiningar i så viktige saker, og at dei gjer til kjenne sitt syn er bra for dei. Det er klart at vi må tole å høyre kor vi står når vi er for, seier fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, etter debatten som var i samband med Natur og Ungdom sin sommarleir.

– Så forbaska 70-tals

Trine Skei Grande debatt vevring

POPULÆR: Venstre-leiar Trine Skei Grande, fekk god respons på fleire uttaler under debatten.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Den massive motstanden synte seg også då Frank Willy Djuvik (Frp) vart bua på i sitt første innlegg, noko som fort vart slått ned på av debattleiarane. Derimot var det høg stemning i salen då Venstre-topp Trine Skei Grande sa dette i starten av debatten:

– Eg er brennsikker på at fornufta vinn, for dette her er så forbaska 70-tals. Dette er så gamaldags, det er så forhistorisk at det må berre stoppast.

Eg skal heim til ein Førdefjord som er arvesølv, ikkje full av gruvesøl

Tore Storehaug, 2. kandidat for Krf i Sogn og Fjordane

Og etter debatten heldt ho framleis fast på at det er mange moglegheiter til å stoppe planane om fjorddeponi.

– No ser vi at dei ikkje har ei fullverdig godkjenning til utsleppa som dei faktisk må ha. Vi ser at EU-systemet kan brukast, med vassdirektivet og andre lovnader Norge har gått med at vi skal jobbe med. Og vi ser at gjennom kommunestyra som skal regulere dette og setje krav til det, så kan vi sørgje for at dei grøne kreftene får gjennomslag, seier Venstre-leiaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

debatt vevring fjorddeponi

MYKJE FOLK: Mange hadde teke turen for å sjå og høyre debatten.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Trur kommunevalet vil bety mykje

– Reguleringsplanen er allereie vedteken i Naustdal. Er det problemfritt å endre ein vedteken reguleringsplan?

– Det spørst kva føresetnader den er vedteken under. Her er det klart at i nokre kommunestyre så har ein sagt ja før ein hadde konsekvensane på bordet, før alle var klar over kva utsleppa var. Nokre parti sa ja før dei visste kva det faktisk handla om. Det er gode grunnar til å gjere ei ny vurdering når vi no veit kva det faktisk er snakk om og den folkelege motstanden har auka, seier Skei Grande.

Her er det snakk om 3 kvadratkilometer av Førdefjorden, 5 prosent. Det er fullt mogleg å leve side om side med ulike typar næringsutvikling.

Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant for Høgre

Ikkje redd for å miste gruveløyve

Bjørn Lødemel i Vevring

IKKJE UROA: Bjørn Lødemel har tru på at gruveprosjektet blir realisert.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Høgre, Bjørn Lødemel, fryktar ikkje at gruve- og fjorddeponiplanane blir stogga.

– Ikkje per i dag. Dei naudsynte løyva er gjevne, og så lenge ein held seg innanfor dei avgrensingane som er gjort der så trur eg at dette vil bli realisert, seier han.

Lødemel ser ikkje stor dramatikk i at Miljøverndepartementet har heldt tilbake løyvet på eitt av kjemikalia som etter planen skal bli brukt i gruvedrifta.

Om 10-20-30 år skal vi leve i eit samfunn som har slutta å drive med den type vulgær kapitalisme som Nordic Mining er

Audun Lysbakken, leiar i SV

– Det er berre at det skal greiast ut vidare før det vert gjeve løyve på det. Det er ein del av den prosessen som skal gå framover.

Kjenner du deg upopulær?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Det er klart at her er det organisasjonar som er veldig sterkt imot, og det må vi respektere. Eg har ingen problem med det, seier Lødemel.

(Artikkelen held fram under albumet)

debatt i vevring om fjorddeponi
Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Ikkje nøgd med svara

Leiar i Natur og Ungdom var ikkje nøgd med svara frå partia Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet, som er for fjorddeponi.

– Når du høyrer Ap og Høgre konsekvent avvike og ikkje svare på spørsmåla som handlar om arbeidsplassane som allereie er her ved fjorden, så lurer ein litt på om vi lever på same klode og om dei faktisk har innsett dei store konsekvensane dette prosjektet vil ha. Men eg har trua på at politikarane som er samde med oss vil gjere alt i si makt for å stogge dette, seier Arnstein Vestre.

Dette er eit spørsmål om optimisme, og dei som er optimistar, dei trur at vi kan klare å gjere noko betre enn å sprenge Engebøfjellet i lufta og sleppe det på botn av Førdefjorden

Rasmus Hansson, stortingsrepresentant for Miljøpartiet de grønne