Hopp til innhold

Vil tvinge legar frå sjukehusa til legekontora

Sjukehusa stikk av med for mange av legane som burde ha jobba ute på legekontora i distrikts-Noreg. Det meiner samfunnsforskar.

Hans Johan Breidablik

KRITISK: Forskar Hans Johan Breidablik meiner fastlegeordninga langt på veg er i krise. Sjukehusa stikk av med altfor menge legar, meiner han.

Foto: Bård Siem / NRK

– Sjukehusa må redusere inntaket av nye legar slik at fleire legar må gå inn i allmennpraksis ute i kommunane, seier samfunnsmedisinar , Hans Johan Breidablik.

Hans Johann Breidablik, tidlegare fagdirektør i Helse Førde og no forskar ved Senter for Helseforsking i Førde, meiner fastlegeordninga nærast er i krise.

Dette fordi mange kommunar ikkje greier å få tak i faste legar. I staden må dei rekruttere utanlandske legar via svindyre vikarbyrå, legar som oftast blir i kommunen berre nokre månader.

Breidablik etterlyser konkrete tiltak frå politikarane.

– Ein altfor stor del av dei nye legane byrjar å jobbe ved sjukehusa. Dette må det gjerast noko med, seier han.

Ifølgje fungerande fylkesmann i Sogn og Fjordane, Linda Svori, er det også større fare for svikt i behandlingstilbodet når ein brukar utanlandske vikarlegar.

Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke

SEIER NEI: Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Maria Jahrmann Bjerke (H), seier det er uaktuelt å tvinge legar vekk frå sjukehusa og i allmannpraksis i kommunane.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

Avviser tvang

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Maria Jahrmann Bjerke (H), avviser tvang for å få nye legar vekk frå sjukehusa, slik at dei heller kan jobbe som allmennlegar ute i distrikta.

Ho viser til at det er sett av 24 millionar kroner i såkalla etableringstilsko til kommunane, slik at fastlegar kan få tilskot til å etablere seg i distrikta.

– Vi må gjere det attraktivt for legane også å jobbe ute i kommunane. Dette gjer vi mellom anna ved å etablere ei spesialistutdanning i allmennmedisin, seier ho.

Det skal følgjast opp med ein handlingsplan i 2020, seier statssekretæren.

Vil ha premiering

Hans Johan Breidablik meiner ein også må vurdere ei form for premiering.

Dette ved å seie at dei legane som er villige til å jobbe eit visst tal år i norske utkantar kan få førsterett til å få turnusteneste.

– Det er nemleg mange som ventar på å kome inn i turnusteneste, seier han.