NRK Meny
Normal

– Utanlandske vikarlegar aukar risikoen for behandlingssvikt

Stadig fleire utanlandske vikarlegar i kommunane får no fylkeslege Linda Svori i Sogn og Fjordane til å rope alarm. Ho fryktar at pasientar skal bli utsett for svikt i behandlinga.

Assisterande fylkeslege Linda Svori

HO ER UROA: Fungerande fylkeslege i Sogn og Fjordane, Linda Svori, meiner det er uheldig at norske kommunar er så avhengige som dei er av innleigde vikarlegar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Norske legekontor har i ei årrekkje gjort seg avhengige av utanlandske vikarlegar for å kunne gje befolkninga helsetilbodet dei har krav på.

Spesielt små kommunar i Utkant-Noreg slit med å ha nok faste legar og må bruke utanlandske vikarbyrå for å få tak i legar.

I til dømes Hyllestad i Sogn har dei leigd inn ein danske lege som skal jobbe ved det lokale legekontoret i eit halvt år. Det kostar kommunen 35.000 kroner i veka å leige han inn.

– Dette er legar som blir over kort tid, som ikkje har innsikt i tidlegare sjukehistorier og som heller ikkje får følgje opp sjukdomsgangen. Det er ikkje heldig, seier Svori.

Ho viser til at utanlandske vikarlegar er overrepresentert når det gjeld klager til Helsetilsynet frå hennar område.

Helsetilsynet sentralt fører ikkje statistikk spesifikt på om helsepersonell er vikarar eller ikkje, men tilsynet gav i fjor i alt 291 reaksjonar til helsepersonell som var klaga inn frå pasientar.

Det var 155 helsepersonell som mista tilsaman 160 autorisasjonar i 2017. Dette er 41 fleire autorisasjonar enn året før.

Ikkje uvanleg med klager

Også pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes, fortel at det ikkje er uvanleg at det kjem inn klager på utanlandske vikarlegar.

– Vi høyrer pasientar som fortel om manglande kontinuitet i behandlingsopplegget, om svikt i overgangane der ein byter mellom legar, om legar som ikkje les journalane og om misforståingar grunna legar som er dårlege i norsk, seier ho.

Førde Refsnes viser til at ein på denne måten mister kontinuiteten, det viktigaste i heile fastlegereforma.

Kommunar kan få pengar

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Maria Jahrmann Bjerke, vil ikkje svare på påstandane frå fylkeslegen og pasientombodet og deira frykt for pasientane si helse.

I staden peikar ho på at regjeringa tilbyr kommunane tilskot til rekruttering og utdanning.

– Vi veit at det er fleire kommunar i distrikta som har vanskar med å rekruttere fastlegar. Skal vi sørge for at kommunane har tilstrekkeleg med fastlegar, så må vi avhjelpe det med blant anna rekrutteringstilskot, seier Bjerke.

Hans Johan Breidablik framfor akuttmottaket på sjukehuset

ETTERLYSER TILTAK: For å unngå at fastlegeordninga bryt saman må det innførast konkrete tiltak for å få fleire legar til Utkant-Noreg, seier Hans Johan Breidablik, forskar ved Senter for helseforsking i Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune