Hopp til innhold

Utanlandske legar er svindyre for norske kommunar

HYLLESTAD (NRK): Vikarlegen Moussa El Haddad (27) frå Danmark sikrar at pasientane får hjelpa dei skal ha, men kostar Hyllestad kommune 35.000 kroner i veka.

Vikarlege Moussa El Haddad i Hyllestad

BLIR IKKJE LENGE: Danske Moussa El Haddad jobbar både som kommunelege og på den interkommunale legevakta. Han trivst i jobben, men for han som vikarlege er det uaktuelt å busetje seg fast i Hyllestad.

Foto: Bård Siem / NRK

Mellom fjord og fjell i Ytre Sogn bur dei 1400 innbyggjarane i Hyllestad kommune. 1. mars i år kom den danske legen Moussa El Haddad til det lokale legekontoret. Han blir til 1. september.

– Det ville vore ei for stor avgjerd å slå seg ned fast i Hyllestad når ein kjem utanfrå og ikkje har tilknyting til lokalmiljøet. Dersom ein kjem til ein større by vil ein ikkje føle seg så isolert, seier El Haddad.

Han jobbar for eit vikarbyrå og vil ikkje kommentere si eiga løn. Men kommunen opplyser at innleige av vikarlegar som El Haddad kostar dei 35.000 kroner i veka.

Svært kostbart for kommunane

I løpet av den tida 27-åringen blir i Hyllestad, vil han kosta kommunen om lag 900.000 kroner.

– Det å leige inn legar for kortare periodar som korkje kjenner pasientane eller kommunen er ingen god situasjon. I tillegg er det ei svært kostbar løysing, seier Bente Nesse, rådmann i Hyllestad.

Ifølgje kommunane sin interesseorganisasjon KS, brukar kommunane store summar på innleige av vikarlegar.

– Over heile landet ser vi stadig fleire kommunar som har problem med å rekruttere og halde på fastlegar, seier Tor Arne Gangsø, områdedirektør for arbeidsliv i KS.

Forhandlingsleiar Tor Arne Gangsø i KS.

KOSTBART: Det er kostbart å leige inn legar for kommunane, seier Tor Arne Gangsø, områdedirektør for arbeidsliv i KS.

Foto: Hedvig Bjørgum / NRK

For få «varme hender»

Lege frå Danmark, fysioterapeut frå Finland og sjukeheimspleiarar frå Bosnia og Serbia. Utan arbeidsinnvandrarane ville det vore krise i Hyllestad. I tillegg til å leige inn legar, har kommunen til no i år brukt 1,6 millionar kroner på innleige av sjukepleiarar.

Ifølgje forskar Hans Johan Breidablik ved Senter for helseforsking i Helse Førde vil Hyllestad og ei rekkje andre utkantkommunar innan 2040 få altfor få yrkesaktive i høve til talet på pensjonistar.

– Situasjonen vil vere meir dramatisk enn mange kommunar greier å ta inn over seg, seier forskaren.

GODE VENER: 102 år gamle Jenny Tveito og Pleie- og omsorgssjef Hege Solberg i Hyllestad

GODE VENER: 102 år gamle Jenny Tveito og helse- og sosialsjef i Hyllestad, Hege Solberg.

Foto: Bård Siem / NRK

Vil heim for å rekruttere

Tolv kilometer lenger nord i Hyllestad kommune ligg den einaste sjukeheimen idyllisk til ved fjorden. Inne i gangen treff vi på Sirpa Markkanen frå Finland. Ho jobbar som fysioterapeut.

– Vi har vurdert om eg skulle reise tilbake til heimbyen min i Finland for å prøve å rekruttere helsepersonell derifrå til Hyllestad. Vi kan lokke med mykje høgare lønningar enn i Finland, seier Markkanen som har jobba i kommunen i fleire år.

Pleie- og omsorgssjef Hege Solberg i Hyllestad er fullt klar over at kommunen står i ein utfordrande situasjon.

– Hyllestad er ein liten plass med eit avgrensa fritidstilbod dersom du ikkje er engasjert i idrettslaget eller er glad i å gå på fjellet. Innflyttarar kan lett føle seg isolerte. Mangel på stabil arbeidskraft er eit problem, vedgår ho.

I ein tidlegare versjon av denne saka viste vi til tal som ikkje var gyldige i denne samanhengen. Dette var tal som viser finansiering av fastlegeordninga, og ikkje innleige av utanlandske vikarlegar. KS har ikkje tal på kor mykje kommunane brukar på utanlandske vikarlegar.