NRK Meny
Normal

Vil spele inn neste sesong av suksess-serien i ny vikingby

TV-serien «Vikingane» kan få ein tredje sesong. No drøymer produsenten om å ta i bruk den splitter nye vikingbyen ved Nærøyfjorden i Sogn.

Vikingane

TIL SOGN: Serieskaparane håpar å kunne ta gjengen i «Vikingane» til Sogn for innspeling av sesong tre.

Foto: NRK

– Det har vore viktig for oss som lagar serien, saman med NRK, å finne norske vikingbyar. Vi har tenkt på Gudvangen lenge, men dei har drive med bygging og oppussing.

Det seier produsent Anders Tangen i Viafilm. Tidlegare har han laga «Lillyhammer». No håpar han å gå i gong med tredje sesong av «Vikingane».

Fram til no har dei filma på Avaldsnes i Rogaland.

– Vi skal opp og ta ein kikk i løpet av nokre veker. Det kan godt vere at det er billegare i utlandet. Men eg synest det er viktig å støtte lokalt næringsliv. Vi må støtte opp om dei faktisk satsar.

Kåre Conradi under innspillingen av Vikingane

INNSPELING: Skodespelar Kåre Conradi (t.h.) under filminga på Avaldsnes.

Foto: Arne Gunnar Olsen/NRK

Internasjonal åtgaum

Serien har blitt svært populær. Den blir spelt inn på norsk og engelsk samtidig. Den engelske versjonen gjer at dei når ut til eit internasjonalt publikum.

– Serien er kjempestor. Eg har blitt kjent att i tollen i USA, der alle seier dei har sett den. Britiske The Guardian har meldt oss, og New York Times sa vi var ein av verdas beste seriar i fjor, fortel produsent Tangen.

– Her ligg det eit enormt potensial for turisme. Det er ein kjempemoglegheit for norsk næringsliv.

– Folk synest det er morosamt å sjå kvar populære seriar blir filma. «Game of Thrones» har jo ført til auka turisme på plassane dei har filma. «Wallander» førte til at det kom busslass med turistar til Ystad i Sverige. Men ein må jo ut og reklamere for det.

Det er ikkje kome grønt lys for ein sesong tre enno. Men Tangen seier dei håpar å eventuelt kunne starte filming i august/september.

Satsar i Sogn

Georg Hansen + Torill Hylland

AUTENTISK: Styreleiar Torill Hylland (t.h.) skjenkar mjød til vikinghøvdingen Georg Olafr Reydarsson Hansen i Gudvangen.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Vikingbyen Njardarheimr i Gudvangen tek i mot gjestar frå inn- og utland som vil ha ei autentisk vikingoppleving. Dei er opptekne av å formidle ekte vikinghistorie.

– Serien har blitt godt motteken. For humoren er så tydeleg og overdriven. Det er ingen som forvekslar det med historiske fakta og faktaforvrenging, seier styreleiar Torill Hylland i Gudvangen Utvikling som styrer vikingbyen.

Dei er i ferd med å byggje ut vikingbyen for 20 millionar kroner. Arbeidet er venta ferdig til 1. mai.

– Dei må booke inn ganske kjapt. For at vi skal greie å finne plass til dei. Eg har allereie tingingar til langt ut i november. Vi må berre finne nokre smotthol.

Norsk humordramaserie i seks deler.
Med: Kåre Conradi, Nils Jørgen Kaalstad, Trond Fausa, Aurvåg, Silje Torp, Jon Øigarden, Kristine Riis, Marian Saastad Ottesen, Øystein Martinsen, Mikkel Bratt Silset, Nikis Theophilakis, Christian Skolmen, Jon Schau, m.fl.
Vegopning på Bergum i Førde kommune