Hopp til innhold

Liv Signe Navarsete vil likestille nynorsk og bokmål i Grunnlova

Dei stadige åtaka på nynorsken gjer det nødvendig å likestille bokmål og nynorsk i Grunnlova, meiner leiar Liv Signe Navarsete.

Liv Signe Navarsete

VIL GRUNNLOVSFESTE NYNORSK: Leiar Liv Signe Navarsete i Senterpartiet.

Foto: Martin Hammervik / NRK

Til Bergens Tidende seier ho at eit slikt grep vil eliminere ein del diskusjonar om plassen til nynorsk og bokmål i samfunnet.

Nynorsk og bokmål vart likestilte i 1885, og mållova seier at dei to målformene skal vere likeverdige språk. Men Liv Signe Navarsete meiner det ikkje er nok, difor vil ho grunnlovsfeste likestillinga.

– Vi ser kva som kjem frå høgrepartia. Dei ynskjer så til dei grader å svekkje nynorsken om dei får makt til å gjere det.

– Høgre vil detonere bombe

Ho meiner Høgre vil detonere ei bombe under mållova og ta bort jamstellinga mellom dei to målformene.

Stortingsrepresentant Elisabeth Aspaker, ( H ), Troms

- GROVE OVERTRAMP: Elisabeth Aspaker (H).

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Dette blir avvist av Elisabeth Aspaker, som er utdanningspolitisk talskvinne for Høgre.

– Å seie at vi vil detonere ei bombe under heile mållova føyer seg inn i rekkja av grove overtramp i dei raudgrøne sin omtale av politikken til Høgre.