Hopp til innhold

Overraska og skuffa over Høgre

- Gamaldagse idear frå Høgre, rasar målungdomen etter at Høgre går for å kutte sidemål. Ap er overraska.

Erna Solberg

FÅR KRITIKK: Erna Solberg og resten av Høgre får kritikk frå fleire hald for språkpolitikken sin.

Foto: Olsen, Linn Cathrin / NTB scanpix

- Eg er overraska over at Høgre vedtok dette. For folk i byane bryr seg ikkje om nynorsk, men det gjer distrikta, seier stortingspolitikar Tor Bremer frå Arbeidarpartiet.

- Skuffande for distrikta
Tor Bremer

SKUFFA: Tor Bremer frå Ap meiner Høgre vil tape på sidemålsvedtaket.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

I helga vedtok Høgre på sitt landsmøte å endre i språkopplæringa i Norge. Dei vil fjerne karakterar og eksamen i sidemål i den vidaregåande skulen og i ungdomsskulen.

Dette får fleire til å reagere, og ikkje uventa meiner Bremer frå Ap at dei vil tape på vedtaket om sidemål

- Eg vil seie at det er skuffande for vestlandet og for nynorsken i sin heilheit. Vert dette gjennomført vil dette svekkje kampen for nynorsken og setje den mange tiår tilbake.

Målungdomen reagerer

Også Målungdomen er lite begeistra for vedtaket på ladsmøtet til Høgre.

- Kort sagt vedtok Høgre at bokmålsbrukarar ikkje treng å lære nynorsk, og at statlege byråkratar ikkje treng å yte sørvis på nynorsk. Dette er gamaldagse og mindretalsfiendtlege idear, som vil gjere det vanskelegare å bruke nynorsk, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

Bremer trudde at det store trøkket Høgre har hatt mot seg når det handla om sidemål ville gje eit anna utfall.

- Eit nederlag

Vebjørn Sture

NEDERLAG: Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom meiner sidemålsvetaket er eit tilbakesteg for nynorsken.

Foto: Odin Omdal Hørthe/NMU

- Eg trur politikarane frå fylket har gjort det dei har kunna for å berge stumpane. Det er nok eit nederlag for dei at dei ikkje fekk medhald i saka om å behalde sidemålskarakteren.

Noralv Distad i Høgre frå fylket meiner dette ikkje er distriktsfiendtleg politikk, men det meiner derimot Bremer.

- Det er i distrikta at nynorsken vert brukt, spesielt på Vestlandet. Dette er ikkje bra for distrikta.

Målungdomsleiaren meiner Høgres språkpolitikk er avleggs.

Ønskjer tidlegare start med sidemål

- Den norske tospråklegheita gir oss ein glimrande sjanse til å la ungane lære meir språk tidlegare. For å gripe den sjansen må vi ha ei ny og betre løysing: tidlegare start med sidemål. Det er nedslåande at Høgre i staden tviheld på dårlege og utdaterte idear i sidemålssaka, seier Sture.

Målungdomsleiaren er også kritisk til at staten ikkje lenger skal tene skattebetalarane på det skriftspråket den enkelte borgaren føretrekkjer.

- I eit moderne demokrati er det staten og byråkratane som er til for borgarane, ikkje omvendt. No vil altså Høgre la byråkratane diktere statens språkbruk overfor borgarane. Det er å skru klokka langt tilbake i tid. Høgre gjer seg med dette til språkpolitiske dinosaurar, seier Sture.