– Det er viktig å beskytte sårbar natur. Det er bruk for å lage retningsliner for korleis sjøbotnen kartleggast for viktige naturtypar i samband med oppdrettsanlegg, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen frå Venstre
Eit unikt og stort korallområde på vestlandskysten står i fare for å bli øydelagt av eit nytt oppdrettsanlegg, meiner Fylkesmannen.
Problemet er at staten ikkje ante at området med blomkålkorall ved Husevågøy i Nordfjord eksisterte før dei vart varsla av ein fritidsdykkar i sommar. Då hadde dei alt gitt løyve til oppdrett.
Fylkesmannen trekte løyvet som ei hastesak, men oppdrettsselskapet har klaga til Miljødirektoratet. Og sidan laksesmolten og anlegget alt var bestilt, har dei fått lov å sette i gang i haust.
No vedgår regjeringa at dei har for lite kunnskap om kva som er under havoverflata, og ministeren lovar å skjerpe kartlegginga.
– Eg vil ta kontakt med fiskeri- og sjømatministeren, og få laga forslag til korleis dette kan gjerast, seier Ola Elvestuen i eit skriftleg svar til SV på Stortinget.
– Veit for lite om sårbar natur
Heller ikkje forskarar veit nok om livet langs norskekysten. Fleire miljø har jobba med kartlegging, men dei er langt frå å vere ferdig.
– Det er ofte ein finn ting ein ikkje trudde skulle vere der, og blir overraska over korleis naturen eigentleg er, seier Sigurd Heiberg Espeland ved Havforskingsinstituttet.
Han legg til:
– Naturen er ikkje alltid slik modellane skulle tilseie.
I haust skreiv også miljødirektør Kjell Kvingedal ved Fylkesmannen i Vestland at vi veit for lite.
– Blomkålkorallane ved Husevågøy viser kor store kunnskapshol vi har om det marine naturmangfaldet, og det set fokus på svakheitene i dagens dokumentasjonskrav for søknader om løyve til forureining frå akvakultur og andre typar tiltak i sjø, skriv han i eit brev til Miljødirektoratet.
Meiner det er bra at regjeringa vil gjere meir
Oppdrettssaka i Nordfjord gjer at stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) krev betre undersøkingar før ein gir løyver til oppdrett.
– Vi må få fortgang i kartlegginga av sårbar natur på havbotnen, seier Haltbrekken.
SV stilte Elvestuen spørsmål i Stortinget, og er nøgd med svaret. No krev SV at anlegget som fekk løyve blir flytta til eit anna område.
– No må Elvestuen sikre naturverdiane ytst i Nordfjorden, og syte for at oppdrettsanlegget vert plassert ein annan stad, seier Haltbrekken.
Men dette vil ikkje klima- og miljøministeren svare på no.
– Dette er ei komplisert sak som reiser viktige faglege spørsmål. Eg finn det rett å sjå kva Miljødirektoratet kjem fram til i si klagehandsaming før eg vurderer å gjere noko i saka, seier Ola Elvestuen (V).