Hopp til innhold

– Det er ikkje kua som er problemet med klimapolitikken

FLÅM (NRK): Marit Arnstad frå Senterpartiet ser ingen grunn til at norske bønder skal produsere mindre eller at nordmenn skal kutte i sitt forbruk av kjøt.

MDG møtte Senterpartiet til debatt.

KJØTKRANGEL: Arild Hermstad frå MDG og Marit Arnstad frå Senterpartiet er dundrande usamde om norsk kjøtproduksjon.

To motpolar i norsk landbrukspolitikk barka saman i debatt om nordmenn sitt forbruk av kjøt og produksjonen av kjøt i landbruket under det store folkemøtet i Flåm torsdag kveld.

For medan Arild Hermstad frå MDG vil kutte både produksjon og forbruk med ein tredjedel, meiner Marit Arnstad frå Senterpartiet at kua, sauen, geita og grisen slett ikkje er årsaka til farleg mykje utslepp av klimagassar i Noreg.

– Det er ikkje kua som er problemet med klimapolitikken, kua var her lenge før klimaproblema oppstod, sa Arnstad i debatten.

Med det sette ho fyr i Hermstad som er trygg på at den oppveksande slekta slett ikkje vil ha så mykje kjøtmat som vaksne nordmenn i dag.

– Eg er sikker på at norske ungdomar og dei som veks opp i dag ikkje er så opptekne av at dei må ete så mykje kjøt som meg og deg har vore vande med, sa MDGaren.

– Det er eit feilspor

FN sitt klimapanel har slått fast at utslepp frå husdyrhald er ein av fleire faktorar som er årsak til klimaendringane, men Arnstad frå Senterpartiet peika i debatten på at norske husdyr berre står for åtte prosent av utslepp her i landet.

– Dersom vi reduserer husdyrhaldet og reduserer kjøtproduksjonen i Noreg, så vil vi redusere beitinga. Då vil vi sjå fjordar og dalar som gror att. Det er eit feilspor i norsk klimapolitikk å angripe beitedyra, sauene, kyrne og geitene. Det er ein feil veg å gå, slo Arnstad fast.

Både MDG og Senterpartiet har skåra høgt i dei siste meiningsmålingane, og begge ligg an til gode val. Men i landbruks- og matpolitikken er partia dundrande usamde.

– Vi må ete mindre kjøt

MDG er overtydde om at det må til ei stor endring i landbruket med mindre produksjon av kjøt og mykje mindre import av fôr.

– Det store perspektivet er at vi må ete mindre kjøt. Dersom nordmenn og resten av verda reduserer kjøtkonsumet sitt så er det bra for helsa vår, det er bra for arealforbruket, det er bra for klimagassutsleppa, slår Hermstad i MDG fast.

Marit Arnstad meiner derimot MDG sin landbrukspolitikk skyt langt over mål:

– Eg tykkjer ikkje det er nokon til å grunn til å kutte i produksjonen eller i kjøtforbruket.

Hvordan påvirker politikken i Norge hverdagen til folk? 
I folkemøte om reiseliv, landbruk og klimapolitikk, møtes politikere og publikum i vakre turistbygda Flåm i Sogn og Fjordane. Med fokus på det lokale viser vi hvordan politiske valg setter preg på hverdagen vår.
Programleiar er Ingerid Stenvold.

FOLKEMØTE: Korleis påverkar politikken i Noreg kvardagen til folk? I folkemøte om reiseliv, landbruk og klimapolitikk, møtes politikarar og publikum i vakre turistbygda Flåm i Sogn og Fjordane.