Hopp til innhold

Vil ikkje ha bompengar for turistar

Reiselivet i Sogn og Fjordane vender tommelen ned for forslaget om å innføre bompengar på dei mest besøkte turiststadene.

Turistar i Flåm

TURISTAR I FLÅM: Turismen i Flåm har eksplodert, og det er Aurland kommune glad for. Men med det kjem og utfordringar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I Geiranger føreslår eit offentleg utval å innføre bompengeavgift på alle som køyrer gjennom bygda. Målet er å bremse masseturismen og skaffe pengar til naudsynt infrastruktur.

I Aurland tek dei imot ein millionar turistar kvart år – så mange at det på dei heitaste dagane ikkje er plass til fleire. Det tærer på infrastrukturen og gir kommunen utfordringar, men det ser ordføraren positivt på.

– Vi har eit stort behov for å finansiere vegar, parkeringsplassar og servicetilbod, men vi må løyse utfordringane med verkemidla vi har tilgjengeleg, seier ordførar Noralv Distad (H).

Kommunestyret i Aurland er i gang med å greie ut eigne ordningar for å møte den store turiststraumen.

– Bompengar kan kanskje vere ein modell for Geiranger, men for Aurland blir det vanskeleg. Det er mange vegar inn og ut av kommunen, så her er det ikkje realistisk å innføre noko liknande.

Nei til skatt

Ordførar Sven Flo (H) i Stryn meiner at det vil vere utfordrande å nærme seg turistane med bompengar.

– Berre omgrepet bompengar skurrar i øyrene mine. Eg trur vi må sjå på andre løysingar for å finansiere ein turistkommune.

Flo er oppteken av å finne omgrep og innfallsvinklar som ikkje fokuserer på skatt, og som ikkje verkar belastande for turistane og næringa.

– Ein treng ikkje innføre det i eit stort omfang. Det kan vere ordningar som har ein frivillig basis eller eit spleiselag for å betre opplevinga for turistane. Det må lokale variantar til, og det er kanskje det Geiranger prøver på.

Skal sjå på ulike løysingar

Aurland og Stryn er berre to av fleire kommunar i Sogn og Fjordane som har kjent turistboomen på kroppen. Visit Sognefjord arbeidar med å finne løysingar der turistane kan vere med på å dekke kostnader med å utvikle dei ni medlemskommunane i Sogn.

– Om bompengar er eit bra verkemiddel er for tidleg å seie noko om. Vi skal bruke tida fram til neste haust til å sjå på ulike løysingar, seier Ståle Brandshaug, direktør i Visit Sognefjord.

– Riktig at turistane skal bidra

Han meiner det er viktig å sjå på korleis turistane kan bidra.

– Sogn er blitt eit så stort turistområde at det er riktig at turistane skal vere med å bidra. Reiselivet byrjar å bli ei stor næring med veldig mange tilreisande kvart år, seier han.

Brandshaug ser ikkje på turistveksten som ein trussel.

– Det kan legge press på lokalsamfunnet, og det må vi ta på alvor. Men med ein omsetnad på rundt 1,3 milliardar kroner i året og ei sysselsetting på kring 2000 arbeidsplassar i Sogn, så er denne næringa utruleg viktig for distriktsutviklinga.