NRK Meny
Normal

Turismen i Flåm har eksplodert – no vil kommunen ha endå meir

FLÅM (NRK): Aurland kommune med vel 1700 innbyggjarar tek i mot ein million turistar kvart år. No satsar dei tungt for å få endå fleire.

Turistar i Flåm
Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er eit stort potensial for vekst her i kommunen, og den veksten må vi ha. Om veksten ikkje kjem her, kjem han heller i Oslo eller Bergen, seier Aurland-ordførar Noralv Distad (H).

Kommunen hans har set ei rivande utvikling dei siste åra. På varme julidagar er det så mange besøkjande i Flåm og Aurland at store mengder folk må visast vekk.

Det er ikkje plass til fleire. Og dei som får plass står som sild i tønne stort sett uansett kor dei går. Det blir ikkje ført nøyaktig statistikk over kor mange som vitjar Aurland kvart år, men ordføraren meiner at ein kan anslå at det er rundt ein million i året.

Og no har politikarar og næringsliv i Aurland samla seg for å satse på endå meir vekst.

– Det er fleire store investeringar og prosjekt som er i gang no. No må vi klare å trekke til seg oss fleire turistar også i vinterhalvåret, også kjem det nok ei utviding av kapasiteten også om sommaren, seier ordføraren.

Dette er nokre av prosjekta og planane i Aurland nett no

Turistar i Nærøyfjorden
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Vil ha gondolbane

Dei siste 20 åra har omsetnaden i turistnæringa i Aurland vekse frå 80 millionar kroner i 1998, til 700 millionar kroner i 2017. Både politikarar og næringsliv er samde om at ein kan nå ein milliard kroner i løpet av få år. Etter det blir det prata til og med prata om halvannan milliard.

– Men då er vi avhengig av å få ein tredje, stor turistattraksjonen. I dag har vi Flåmsbana og Nærøyfjorden. Eg håpar at ei gondolbane kan bli nummer tre, seier Distad.

Aurlendingane har fått med seg suksessen dei har hatt med gondolbaner andre stader, som i Loen. Og det å gripe inn i naturen er dei ikkje redd for i Aurland, seier han.

– Vi lever av å gripe inn i naturen, og det har vi gjort i generasjonar. Kraftutbygging i naturen var det store for førre generasjon, no kan ei gondolbane bli det store for oss.

Noralv Distad

VIL HA VEKST: Ordførar i Aurland Noralv Distad vil ha vekst i turistnæringa i kommunen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kjempar for turistskatt

Dei som bur fast i Aurland og Flåm merkar godt den kraftige auken i turistar. I sommar var det ny rekord i talet på besøkjande, og dei la att rikeleg med spor etter seg.

– No såg vi verkeleg at både manglande toalettkapasitet og forsøpling har blitt ei utfordring, seier Bengt Erlend Skjerdal.

Han jobbar i kommunen, og sit i kommunestyret for Senterpartiet. Dei har nyleg for fleirtal for å greie ut ein såkalla turistskatt, noko Skjerdal sjølv er ein stor tilhengar av.

– Det handlar om å få inn litt pengar frå billettinntekter og liknande, som kan gå til å finansiere fleire offentlege toalett og opprydding av naturen, forklarer Skjerdal.

Bengt Erlend Skjerdal

VIL HA TURISTSKATT: Bengt Erlend Skjerdal vil ha skatt på turistane, slik at dei kan vere med på å finansiere toalett og søppelrydding.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi må ha vekst

Ordførar Noralv Distad er ikkje framand for tanken om å innføre ein turistskatt, men er klar på at ein ikkje må leggje hinder for veksten i turistar.

– Turistnæringa er den viktigaste næringa vår, og vi må også ha vekst og utvikling der. Vi har utfordringar med fråflytting i kommunen, og skal vi ha utvikling i framtid er vi avhengig av at næringslivet går framover. Og reiselivet er det viktigaste næringslivet vårt.

Vegopning på Bergum i Førde kommune