Hopp til innhold

Vil innføre bompengar i Geiranger

Turistar som drar til verdsarvområdet Geiranger kan i framtida måtte betale bompengar. Mange av turistane køyrer berre gjennom Geiranger utan å legge att pengar, seier hotelldirektør Monja Mjelva.

Geirangerfjorden med cruiseskip og andre båter

I høgsesongen kan det vere 16.000 turistar på ein dag i Geiranger. Mange meiner at det no er for mange turistar i verdsarvområdet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Kvart år besøker tusenvis av turistar den vesle bygda Geiranger med berre 200 innbyggjarar. Den store cruisetrafikken har blant anna ført til helseskadeleg luft i høgsesongen, og dei mange bussane og bubilane skaper køar og parkeringsproblem.

– Vi ser for oss eit bompengesystem der gjesten som oppheld seg over lengre tid, betalar minst. Dei som er på gjennomreise betalar mest, seier direktør ved Hotel Union Geiranger, Monja Mjelva.

Ho meiner at sidan Geiranger er eit fellesgode og reiselivsikon, kan ikkje dei 200 innbyggjarane sitte med ansvaret for å finne ei løysing på masseturismen åleine.

Monja Mjelva

Monja Mjelva er direktør ved Hotel Union Geiranger. Ho vil gjerne ha bompengar inn til bygda.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Bygda kan døy

Det er i ein innspelsrapport til regjeringa at Samarbeidsråd for kultur og reiseliv foreslår å innføre ei slik avgift. Mjelva sit i rådet og meiner at bompengane kan føre til at det vert færre turistar i Geiranger, men at dei som kjem nyttar seg av tilboda som finst og dermed legg att pengar. Rådet meiner også at kulturturisme kan bidra til at ein går bort frå masseturisme og at ein i staden satsar på ei mindre og kjøpesterk gruppe.

Dei fleste bedriftene i Geiranger livnærer seg av turisme i nokre hektiske sommarmånader. I vinterhalvåret er det svært stille. Frykta er at bygdesamfunnet skal døy ut og at verdsarvområdet berre vert kulisser. I dag er det berre to elevar ved ungdomsskulen.

– Håpet er at vi kan utvide sesongen slik at bedriftene her kan ha fleire heilårstilsette og at vi får til ei berekraftig utvikling, seier Mjelva.

Det var reisebloggen The Travel Inspector som omtalte saka først.

Turister ved cruisekaia i Geiranger

Midt på sommaren går folk i kø i Geiranger.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Kommunen vurderer liknande tiltak

Også Stranda kommune vurderer å innføre turistavgifter i Geiranger. I sitt høyringsutkast til kommuneplanen for 2018–2030 skriv kommunen at dei ser det som naudsynt med ein avgiftsstrategi, både for å unngå store sprang i turistvekst og for å kunne finansiere naudsynt infrastruktur for turisme.

Dette er eit kontroversielt tema og politikarane må difor vurdere dette nærare.

Turistgebyr

Arild Molstad, reiselivsekspert og tidlegare rådgivar for Unesco og National Geographic, har tidlegare tatt til orde for å innføre eit turistgebyr på norske turistikon. Han meiner at verdsarven og Noregs omdømme blir trua av den store turistveksten som har vore dei siste åra og at det no hastar å gjere noko. Moldstad meiner at forslaget om å innføre ei slik avgift i Geiranger er både nødvendig og riktig.

– Det er dagsturismen som gjer det vanskeleg å finansiere slitasjen som oppstår. I prinsippet er dette noko som burde vore gjort for lenge sidan, seier han. Molstad meiner gebyret må vere så stort at dei besøkande reagerer på det. Er beløpet for lite får ein ikkje ynskja effekt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL