NRK Meny
Normal

Vil ha felles fylkesmann for Sogn og Fjordane og Hordaland - styrt frå Leikanger

LEIKANGER (NRK): André Skjelstad frå Venstre vil slå saman fylkesmannen i Hordaland og Sogn og Fjordane, og legge hovudkontoret i Leikanger

Gunhild Berge Stang og André Skjelstad

FELLES FYLKESMANN: Leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Gunhild Berge Stang og Stortingsrepresentant André Skjelstad (V).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg vil gjerne jobbe for at Leikanger skal ha den moglegheita, seier Skjelstad, som sit i kommunalkomiteen på Stortinget for Venstre.

Han syner til at det no kjem til å bli eit fylkesmannsembete i Trøndelagsfylka lokalisert til Steinkjer, også Agderfylka får felles fylkesmann.

– Det same vil skje i Sogn og Fjordane og Hordaland, dersom dei finn saman, seier Skjelstad.

For liten i dag

Men for å rettferdiggjere å flytte statlege arbeidsplassar frå Bergen til vesle Leikanger, må det skje noko med kommunestrukturen i Sogn. Leikanger med sine 2300 innbyggarar i dag, blir for liten.

– Ein av føresetnadane er at nedslagsfeltet må bli større. Vi må tenke Sogn kommune, då vil vi ha 20 000 innbyggarar og det vil kunne rettferdiggjere ei slik fordeling, seier Skjelstad.

– Vi vil jobbe for at Leikanger skal kome i posisjon, men eg ser at vi har eit problem med å forsvare at ein kommune med 2300 innbyggarar skal vere fylkesmannssete for eit større område enn Sogn og Fjordane, seier fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang.

To prosessar

Berge Stang er oppteken av at kommunane må bli større, for å betre kunne posisjonere seg for større oppgåver. Det meiner ho innbyggarane i Sogn bør tenke på når dei no skal ha folkerøystingar om kommunesamanslåingar.

– No er det litt tilfeldig at desse to prosessane skjer samstundes, men det er viktig å minne folk om at det er ein samanheng her. Dette er eit eksempel på korleis ein gjennom kommunesamanslåing kan posisjonere seg for å ta imot noko større, seier Berge Stang.

Skjelstad er sikker på at det blir samanslåing av fylkesmennene. Det meiner han prosessane i Trøndelag og Agder syner.

– Når det gjeld statlege arbeidsplassar snakkar vi om 100 hjå fylkesmannen på Leikanger i dag. Risikoen er jo at dersom ein ikkje gjer grep lokalt, mister dei 100 arbeidsplassane, seier Skjelstad.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå