Hopp til innhold

Grunneigarar går gjerne til retten for å stogge kraftmastene

Grunneigarane i Myklebustdalen i Bremanger har allereie brukt ein halv million kroner i kampen mot kraftmaster. No varslar dei sak mot staten.

Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

KAMPKLARE: – Vi føler vi har veldig gode kort på hand, seier Brynjar Myklebust (t.h.) om kampen dei ynskjer å ta for å få kV 420-lina vekk frå Myklebustdalen i Ålfoten. Her saman med (f.v.) Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust og Hilde Myklebust.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Med den nye kraftlina frå Ørskog på Sunnmøre til Fardal i Sogn, håpa olje- og energiminister Ola Borten Moe å sikre straumforsyninga til Midt-Norge.

I Sogn og Fjordane møter lina motbør. Mykje på grunn av endringar gjort med traseen, som fleire har stilt spørsmålsteikn ved.

LES OGSÅ: Kraftlinja vart som han frykta

– Vi har brukt over ein halv million kroner, og er klar for å bruke endå meir, seier grunneigar Brynjar Myklebust i Bremanger til Bergens Tidende.

Kampklare

Det har gått over eitt år sidan Borten Moe bestemte seg for å gå vekk frå NVE og Statnett si tilråding om å leggje kraftleidningen i Førdedalen. I staden vart linja lagt gjennom Sørdalen naturreservat og Myklebustdalen.

Til Bergens Tidende seier Ole Jonny Myklebust Elde, Lars Endre Myklebust, Brynjar Myklebust at dei og andre grunneigarar i Myklebustdalen er kampklare.

– Vi føler vi har veldig gode kort på hand, seier Brynjar Myklebust.

– Sak er mogeleg

Dei klaga saka inn til Sivilombudsmannen og leverte innvending til fylkesmannen for å hindre linjeføring gjennom Sørdalen naturreservat.

(Artikkelen held fram under biletet)

Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger

MYKLEBUSTDALEN: Olje- og energiminister Ola Borten Moe sitt val falt på Myklebustdalen når den nye 420 kV-lina skal gå frå Ørskog til Fardal.

Foto: Hilde Myklebust

Nyleg gjekk Statnett gjekk til namsmannen då grunneigarane i nekta dei tilgang til eigedomane deira. Grunneigarane er viljuge til å gå til tingretten om namsmannen seier ja. Skulle fylkesmannen gje Statnett dispensasjon, vil grunneigarane også gå til Miljøverndepartementet.

– Vår siste mogelegheit er då å gå til sak mot den norske stat. Det er absolutt ein mogelegheit for at det skjer, seier Brynjar Myklebust til avisa.

Fleire kommunar

Grunneigarane i Myklebustdalen er ikkje åleine om å oppleve at olje- og energiministeren endrar på traseen til kraftlina. Det byrja for eitt år sidan med VG si avsløring Borten Moe hadde flytta kraftlina vekk frå ein partifelle sin eigedom.

Ola Borten Moe

KRITISERT: Ola Borten Moe.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Seinare kom det også fram at liknande skjedde også i Naustdal, Flora og Gaular. Borten Moe har heile tida forsvara at han har overstyrd klare faglege råd. Sist då han overfor Dagbladet sette punktum i saka.

– Til sjuande og sist må ein ta ei avgjerd. I dette tilfelle skal vi byggje 30 mil med høgspentleidning. Det er behov for leidning, og eg håpar å gje konsesjon til 50 nye mil innan valet, sa han.

– Vedtaket står fast

Også Bergens Tidende har vore i kontakt med olje- og energiministeren.

Her seier han at det er hans demokratiske rett å bestemme kvar linja skal gå og at vedtaket står fast.

– At vi valde Myklebustdalen skuldast at det går ei kraftlinje der frå før. Det gjer at vi får ei større grad av samlokalisering, seier han til avisa.