Hopp til innhold

Flyttar på grunn av kraftlinestriden: – Det har vore eit helvete på jord

Kommunerevisor i Bremanger, Terje Førde, har no pakka tinga sine og flyttar frå kommunen. Den veldige striden rundt kraftlina i bygda har gjort til at han og familien har opplevd det siste halve året som ”eit helvete på jord”.

Terje Førde

FLYTTAR PÅ GRUNN AV KRAFTLINESTRID: Terje Førde og familien har opplevd det kommunerevisoren kallar eit 'reint helvete' det siste halve året. No har dei fått nok og flyttar frå Ålfoten i Bremanger.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Vi kan ikkje ha det slik lenger, seier Førde til avisa Fjordenes Tidende og fortel mellom anna om ei kone som tidvis har vore sjukmeld og ei dotter som nektar å gå på skulen på grunn av konflikten.

Innbyggjarane i Ålfoten i Bremanger står splitta etter avgjerda om kor den planlagde kraftlina skal gå gjennom bygda. Før jul vart det kjent at departementet legg lina gjennom Myklebustdalen, og ikkje gjennom Førdedalen der Førde bur.

Det er dobbeltrolla til Førde som er både grunneigar og kommunerevisor som har ført til ei veldig konflikt.

Kommunerevisoren skal ha nytta seg av e-postadressa og jobbtittelen i firmaet sitt Kryss-Revisjon til å kommunisere med styresmaktene i kraftlinesaka. Førde og familien har det siste halve året fått merke at fleire i bygda ikkje har spesielt sans for dette.

Fekk plutseleg sparken

I fleire månader har Førde og familien måtte leve med det dei opplever som ei hatsk stemning i bygda. Også kommentarane som kjem frå folk har vore vanskelege, fortel Førde til Fjordenes Tidende.

– Det har vore frykteleg tøft. Det har rett og slett vore heilt for jævlig, seier han og viser til at det er familien som har vore mest heime som har hatt det tøffast.

I mars vart han sparka som revisor i Bremanger kommune. Utan å førebu saka eller greie ut konsekvensane valde kommunestyret å seie opp avtalen dei hadde med firmaet Kryss-Revisjon der Terje Førde arbeider. To veker seinare måtte kommunen krype til korset og annullere tabbevedtaket.

– Det har vore ei tung tid, sa Førde den gong til NRK.no.

Allereie då varsla Førde at han vurderte å flytte frå bygda.

– Det er så djupe så her, at det må vi ha tid til.

– Kjem de til å flytte uansett?

– Det veit eg ikkje. Eg har eit gardsbruk som eg tok over i si tid, og eg har arvingar til det. Så vi må tenkje oss godt om, men i dag er det ikkje noko godt å vere i Ålfoten, sa Førde til NRK.no i mars.

Familien på åtte flyttar

Fem månader seinare har han bestemt seg. No har han, kona og dei to yngste borna flytta til Florø, medan dottera og svigersonen og deira to små born også har reist frå bygda, skriv Fjordenes Tidende.

Førde seier til avisa at han ikkje unner sin verste fiende dei opplevingane han og familien har hatt i Ålfoten det siste halve året. Å flytte frå familiegarden er likevel ei tung avgjerd.

– Eg skulle nok ha levd med det, men eg er ikkje åleine, seier Førde som no har slakta ned buskapen på heimgarden.

Også ordføraren i Bremanger, Karl Vidar Førde, har fått oppleve sinte sambygdingar. Han fortalde i januar at folk ikkje lenger helsar på han, etter at den omstridde kraftlina vart flytta vekk frå eigedomen hans.