Hopp til innhold

– Ordføraren har misbrukt rolla si

Bremanger-ordføraren sendte ein partikamerat til kraftlinjemøte med regjeringa. Det beviser at han har misbrukt rolla si, rasar innbyggjarar som blir råka av den omstridde kraftlinja.

Karl Vidar Førde

KAMERADERI: Ordførar Karl Vidar Førde vert skulda for kameraderi, og no meiner innbyggjarane i Myklebustdalen at dei har bevis for at han misbrukte rolla si.

Foto: Anita M. Ingebrigtsen/Firdaposten

Senterparti-ordførar Karl Vidar Førde har blitt skulda for kameraderi, etter at olje- og energiministeren valde å flytte kraftlinja vekk frå heimtraktene hans.

No viser det seg at Førde på eiga hand sende partikamerat Einar Kjerpeseth for å drøfte val av kraftlinjetrase med regjeringa. Dette skal han gjort utan å informere resten av Bremanger Senterparti.

Innbyggjarane i Myklebustdalen, som no blir råka av kraftlinja er rasande. Dei meiner dette er eit bevis på at ordføraren har misbrukt rolla si.

– Når han sender ein nær partikollega som han veit kor står i saka på eit slikt møte, utan å informere resten av gruppa, då trer han klart inni saka slik eg ser det, seier Lars Endre Myklebust som er ein av innbyggjarane i Myklebustdalen.

Flytta trase – mot alle fagleg råd

Frontane i Bremanger er harde etter at regjeringa uventa gjekk inn for at den omstridde kraftlina gjennom Sogn og Fjordane skulle gå gjennom Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger.

Saka har vekt nasjonal oppsikt fordi alle faglege råd var eintydige på at alternativet gjennom Førdedalen har langt færre ulemper, men i tolvte time flytta regjeringa lina vekk frå det som er heimtraktene til Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde frå Sp. At det var partifelle og minister Ole Borten Moe som gjorde dette har fått folk til å reagere.

Frå før har VG avslørt at Borten Moe i mai flytta ein liknande høgspenttrase vekk frå barndomsheimen til noverande fylkesvaraordførar Jenny Følling, også ho frå Senterpartiet.

Sendte kollega – utan å seie frå

Førde har heile tida sagt han har vore ugild og ikkje blanda seg inn i striden, men no vedgår partifellen Einar Kjerpeseth at det var ordføraren personleg som sendte han til Oslo i november for å drøfte kraftlinetraseen med regjeringa.

Dette skal ha blitt gjort utan at resten av Bremanger Sp visste det.

– Eg fekk ein førespurnad frå ordføraren om å møte på vegner av han, som naturleg nok var ugild i saka. Hadde eg vore lokallagsleiar hadde eg ville konsultert heile styret, men det vart ikkje naturleg for meg, seier Kjerpeseth til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

SINTE: Innbyggjarane i Myklebustdalen er svært opprørte etter at det vart klart at den omstridde kraftlinja skal gå gjennom dalføret. Frå venstre Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Eg hadde dessverre rett

Lars Endre Myklebust meiner Karl Vidar Førde med dette har vore ein aktør i det politiske spelet om kor kraftlina skal gå i Bremanger. Myklebust har tidlegare gått ut og sagt at grunneigarane i Myklebustdalen kjenner seg som offer for ein politisk hestehandel.

– Eg stiller spørsmål ved dei demokratiske prosessane. Ordføraren i kommunen her bur i Førde, og er Sp-politikarar. Og statsråden er Sp-politikar, sa Myklebust til NRK.

Då han får vite at det var Førde som sendte Kjerpeseth på møtet reagerer han slik.

– Det er veldig beklageleg. Eg har brukt mykje tid på å tenkje på kva eg tidlegare har sagt i saka om koplingar, noko eg har fått mykje reaksjonar på. No viser det seg dessverre at det er riktig, seier Myklebust oppgitt.

– Det gjekk vel litt fort føre seg

Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde har måtte tåle harde skuldingar om å ha utnytta rolla si etter at kraftlina unngjekk heimbygda.

Han vedgår no at han burde konferert med resten av Bremanger Sp om kven som skulle fronte deira syn opp mot departementet.

– Det gjekk vel litt fort føre seg. Vi måtte berre få nokon sendt på møtet. Sidan eg har kjent meg ugild i saka måtte vi sende nokon som hadde vore med på prosessen i kommunestyret heile vegen, og difor vart Kjerpeseth vald, seier Førde.

Han nektar for at Bremanger Senterparti skal ha ønskt at det kom i stand eit møte med Olje- og energidepartementet, og seier han vart kontakta av fylkesleiinga i Senterpartiet for å finne ein person som kunne stille på møtet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger

TRASE: Olje- og energidepartementet har no gått inn for at den omstridde kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre skal gå gjennom Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger.

Foto: Hilde Myklebust

Forsvarar ordføraren

Men Einar Kjerpeseth seier på si side at Bremanger Sp hadde bede om eit møte.

– Vi hadde bede om eit møte gjennom fylkeskontoret og via Erling Sande.

Kjerpeseth forsvarar ordføraren, og meiner Bremanger Sp ikkje har noko å skjule i denne saka, og at det var naturleg at han som har jobba mykje med kraftlinesaka reiste på vegner av partiet.

– Vi har eit klart vedtak som går på at linja ikkje skal gå gjennom Førdedalen, og vi har heller ikkje anbefalt at den skal gå gjennom Myklebustdalen. I staden har vi heile tida kome med alternativ til trase, seier Kjerpeseth.

Men Lars Endre Myklebust har ikkje tillit til Kjerpeseth.

– Han har jobba tett med Førde og ikkje på noko tidspunkt teke kontakt med oss for å få vårt syn. Så vi i Myklebustdalen er sikre på at vårt syn på saka ikkje har blitt fronta på noko møte med departementet, seier Myklebust.