Vil gjere Harastølen om til eit reisemål

Harastølen sanatorium i Luster har stått tomt i over 20 år. No kan ei avklaring om framtida til dei massive bygningane vere i kjømda.

Sanatoriet på Harastølen

LANG HISTORIE: Bygget er i dag i Tinfos si eige, og gode krefter har i fleire år jobba frivillig i håp om å skaffe aktivitet i bygget, førebels utan å lukkast.

Foto: Tone Merete Lillevangstu / NRK

– Vi har no ein seriøs interessent som tidlegare har klart å gjere gamle bygningsmassar om til reiselivsmål på ein levedyktig måte, seier administrasjonssjef i Tinfos, Øyvind Odden.

Øyvind Odden, Tinfos

OPTIMISTISK: Administrasjonssjef i Tinfos, Øyvind Odden, trur at ei løysing for framtida til Harastølen er nærmare enn nokon gong.

Foto: Ann Kristin Brandt

Han er ansvarleg for bygningsmassane til kraftprodusenten Tinfos som mellom anna eig Sanatoriet på Harastølen, som i over 20 år har stått tomt og til forfall. I løpet av desse åra har fleire jobba i håp om å skaffe aktivitet i bygget som ligg på ei fjellhylle 500 meter over Lustrafjorden. Det har ikkje mangla på planar – alt frå høgfjellshotell til helsesportsenter har vore lansert. No håper Odden at dei skal få i land ein avtale som vil føre til betydelege oppgraderingar på bygningsmassane.

– Vist dette skal bli eit reiselivsmål, og til dømes kunne brukast til overnatting, så er det heilt nødvendig med oppgraderingar. Men det trengst mykje kapital og eigeninnsats for å få det til, seier Odden.

– Tidlegare har det vore snakk om å rive sanatoriet. Er den planen no lagt til side?

– Nei, det er den ikkje. Det er framleis ein mogleg utgang på dette, men det håper vi at vi skal sleppe, seier Odden.

Harastølen

MAJESTETISK: Harastølen sett frå lufta for ei tid tilbake.

Foto: NRK

Harastølen blei bygd som ein behandlingsstad for tuberkulosepasientar. Seinare har bygget blitt brukt som både psykiatrisk sjukehus og asylmottak. Men dei siste 25 åra har det stått tomt og til forfall. Ifølgje rykta er det også heimsøkt. Fleire tar difor turen til «spøkelsesbygget» for å jakte på det overnaturlege.

Ivrar for å bevare eigedomen

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, seier dei i kommunen intensiverte arbeidet med å finne ei løysing for framtida til sanatoriet for fire år sidan.

Ordførar i Luster Ivar Kvalen.

ENGASJERT: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, meiner det er av nasjonal interesse å bevare bygningane på Harastølen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Det er ein heilt unik eigedom i nasjonal samanheng som har ei utruleg spanande historie. Det var ein gong den største arbeidsplassen i Sogn. Og det var ei enorm investering å bygge dette bygget for 120 år sidan, seier Kvalen.

Han seier kommunen ivrar for å få bevare eigedomen og få til ei drift der oppe, men at dette ikkje er heilt i mål enno.

Tuberkulosepasientar på Harastølen i kurhallen

BEHANDLING: Tuberkulosepasientar på Harastølen.

Vil ikkje seie kven som har vist interesse

Administrasjonssjef i Tinfos, Øyvind Odden, seier dei no er nærare å finne ei løysing på framtida til Harastølen enn dei har vore nokon gong, men han vil ikkje gå ut med informasjon om kven som vil ta over og kva planar som ligg føre heilt enno.

– Vi håper å kunne gå ut med dette så snart som råd. Prosessen med å finne finansiering må gå sin gang først. Vi håper å kunne kome med meir informasjon om planane i løpet av den komande vinteren, seier Odden.