– Fredag var vi nummer to, laurdag nummer fire, seier ein oppglødd Loftesnes, når NRK snakkar med han sundag kveld.
Dei endelege tala får han ikkje før måndag, men med jamne mellomrom er han innom og lèt som ha skal bestille kinobillettar for å få ein peikepinn.
– No er dei nesten utselde i Oslo og Bergen. I Oslo er det ikkje mogleg å oppdrive dobbeltsete i dag i alle fall.
Gode kritikkar
gode skottsmål frå filmeldarane. VG karakteriserte den som ein kinosetevætande film. Eit godt utgangspunkt for ein «datefilm» ler Loftesnes.
Så langt har den fått– Dette er ein film der guten kan legge armen sin beskyttande rundt jenta si i kinosalen.
– Og tradisjonelt er sundagen då gjerne den store kinodagen?
– Det er gutar og jenter vi vil ha i kinosalen. Og dette er ein skummel film, der det kan vere greitt å ha ei hand å halde, seier Loftesnes.
– Kva betyr dei gode kritikkane de har fått så langt for besøkstala trur du?
– Vanskeleg å seie. Det er kjekt å få gode kritikkar, men viktigaste for er at folk går og ser filmen.
- Les også:
Klar for nye prosjekt
Medan den siste filmen har premiere på norske kinoar, er Loftesnes alt i gang med å tenke på neste film. Denne gongen i ein litt anna sjanger.
– Det blir det vi kallar ein katastrofefilm.
Han har latt seg inspirere av to store hendingar i heimfylket; tunnelbrannane i Gudvangatunnelen og Skatestraumtunnelen.
– Vi er ganske tidleg i utviklinga av den. Når tala for opningshelga for Villmark 2 har lagt seg så byrjar vi på måndag med tunnelprosjektet, og korleis vi skal gå vidare med det.