Hopp til innhold

Vil forlenge reinsjakta og auka kvotane

LÆRDAL (NRK) Utvida jakttid og større fellingskvotar til hausten kan bli det første steget på å utrydde 1500 villrein i Nordfjella.

Villrein

SKYTE NED: Lengre jakt og fleire villrein å felle, kan bli ei løysing for jegerane i Aurland, Lærdal og Ål.

Foto: Geir Olav Slåen

– Vi må byrje ein plass. Og då reknar eg med at det skjer alt til hausten under villreinjakta, og at jegerane gjer jobben med å ta ut dei ut, seier Lars Nesse, leiar for villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen.

Onsdag kveld kom sjokkmeldinga om at 1500 villrein kan bli utrydda for å vinne over den frykta dyresjukdomen Skrantesjuke.

Det er i sone 1 i Nordfjella, området mellom Aurland, Lærdal og Ål, at dei tre tilfella av Skrantesjuke er funne på villrein. Det er også her forskarane meiner den beste løysinga er å skyte ned heile stammen.

Det drastiske rådet har fått ei blanda mottaking, men både NINA og Mattilsynet meiner ei sanering eller full utrydding av stamma er det fagleg beste ein kan gjere.

Olav Strand og Lars Nesse

Frå venstre reinforskar Olav Strand i Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Lars Nesse, leiar i villreinutvalet Nordfjella og Fjellheimen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Motorisert

Lars Nesse vedgår at det vil vere mange hundre dyr att i sone 1 sjølv med utvida jakt og kvotar, men meiner dei bør byrje i ein ende og sjå etter kvart.

– Må de inn med motorisert hjelp, som snøscooter og helikopter?

– Ingenting er bestemt. Det vi ikkje klarer å ta ut under jakta, må vi vurdere andre metodar på. Men dette er i så fall noko som andre enn villreinnemnd eller villreinutval må bestemme, seier Nesse.

Mest sannsynleg vil all rein som blir felt under jakta bli sjekka for Skrantesjuke. Resultatet forskarane får etter haustjakta, kan ha mykje å seie for den vidare skjebnen til villreinstamma i sone 1.

Nesse ser svært alvorleg på situasjonen.

– For min eigen del trur eg det vil bli veldig stussleg å gå i fjellet utan å sjå villrein. Men målsetninga er at vi skal kunne reetablere stamma og få frisk villrein i Nordfjella.

– Kor lang tid vil dette ta?

– Det er uvisst. Å bli kvitt gyroen i Lærdalselvi tok 17 år.

Største utfordringa

Reinforskar Olav Strand ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) gav Skrantesjuka sterke karakteristikkar under folkemøte i Lærdal kulturhus onsdag kveld.

– Det er første gong det er funne Skrantesjuke på rein i heile verda og første gong dyresjukdomen er påvist i Europa. Dette er ein skikkeleg kalddusj. Vi har måtte lære veldig fort, seier Strand.

– Skrantesjuke er den største utfordringa som norsk naturforvalting har stått ovanfor, seier Strand.

Lærdal kulturhus

MELDINGA: Det var i folkemøte i Lærdal kulturhus onsdag kveld at fagekspertisen meinte ei utrydding av villreinstammen var løysinga mot Skrantesjuke.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK