NRK Meny
Normal

Vurderer å utrydde villreinstamme for å sikre framtida

LÆRDAL (NRK) Utrydding av alle villrein i sone 1 i Nordfjella kan bli naudsynt for å overvinne skrantesjuka. 1500 villrein kan bli drepne og fjellområdet lagt aude i mange år.

Reinsdyrklem

KAN BLI UTRYDDA: 1500 villrein kan bli skotne for å få bukt med alvorleg sjukdom.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Det var sjokkmeldinga jegerar og grunneigarar i Sogn og Hallingdal fekk under informasjonsmøtet om skrantesjuka i Lærdal kulturhus onsdag kveld.

Det frammøtte fagkorpset frå NINA, Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet og Mattilsynet gav tilhøyrarane i den nesten fullsette salen beskjeden dei frykta aller mest:

  • Skyte ned all villrein i sone 1 (Aurland, Lærdal, Ål) i Nordfjella
  • Legge fjellområdet brakk i fleire år, fjerne saltsteinar og jord
  • Reetablere ei frisk stamme når prionsjukdomen er borte

Aurland og Lærdal

Sone 1 i Nordfjella ligg mellom Aurland og Lærdal, meir spesifikt mellom riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og fylkesveg 50 Aurland-Hol.

Bjørnar Ytrehus

DRAMATISK BESKJED: Forskar Bjørnar Ytrehus frå Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Villreinstamma her teller 1500 villrein. Og det er i dette området at alle tilfella – tre tilfelle – av den frykta skrantesjuka (CWD) er funne på rein til no.

– Ei sanering av villreinstamma har størst sjanse for å lykkast i kampen mot skrantesjuka, sa forskar og veterinær Bjørnar Ytrehus frå Norsk institutt for naturforsking.

– Vi er i byrjinga av noko som vil utvikle seg. Sjukdomen vil ikkje forsvinne. Då er det bra at vi erkjenner problemet tidleg, sa han til dei frammøtte.

Også seniorrådgjevar Julie Grimstad i Mattilsynet talte for ei avretting av villreinstamma.

– Fagleg sett er den beste løysinga å fjerne bestanden av villrein for så å reetablere den seinare, sa Grimstad.

Lærdal kulturhus

FULLT: Folka i eit nesten fullsett Lærdal kulturhus fekk beskjeden dei frykta aller mest.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Naturtragedie

Både Ytrehus og Grimstad understreka at ei eventuell avretting skal til politisk handsaming og at ingenting er endeleg avgjort. Og at miljøstyresmaktene i tillegg vurderer å setje inn andre tiltak.

Liknande metodar for å sette skrantesjuka i sjakk er gjort i USA og Kanada.

Julie Enebo Grimstad

TILTAK: Seniorrådgjevar Julie Grimstad i Mattilsynet.

Foto: Privat

Til NRK vedgår forskar Bjørnar Ytrehus at tiltaket er drastisk.

– Men det er med bakgrunn i det vi veit om sjukdomen i dag. Den spreier seg og kjem til å ramme heile bestanden. Og den kjem ikkje til å forsvinne.

– Men dette er ville dyr. Vil dei ikkje lett kome tilbake til området?

– Jo, og eit tiltak må vere å forhindre at dyra kjem tilbake.

– Og kva skjer om de finn eit smitta dyr på Hardangervidda eller andre stadar. Skal de drepe vidare?

– Finn vi dette i alle hjorteviltbestandar er dette ikkje noko vi kan halde fram med. Den føreslegne nedskytinga i sone 1 er tiltak etter kva vi veit i dag om sjukdomen, seier Ytrehus.

Reinsdyrklem

SLUTT PÅ DETTE: 1500 villrein kan bli skotne ned i kampen mot skrantesjuka.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Grunneigar kritisk

Fleire kritiske røyster heva seg i salen. Mellom anna Ragnhild Einemo, som representerer ein grunneigarfamilie i området.

– Det er gjort undersøkingar på berre 510 dyr utanfor Nordfjella. Det er eit drastisk og alt for radikalt tiltak å utradere ei heil stamme utan å vite om dei nærliggande stammane også er smitta.

– For er dei det, vil det ikkje vere att dyr å lage ny stamme av, seier Einemo til NRK.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.