Hopp til innhold

Dårlegare vegar skal gi innsparingar på 40 millionar

EID (NRK): – Ein kan ikkje spare pengar på tryggleiken, seier dei to erfarne bussjåførane. Fylkeskommunen kan måtte kutte opp mot 40 millionar kroner.

Rutebilstasjon

FEIL: Dei to røynde bussjåførane meiner det er feil å kutte i tiltak som gjer vegane trygge.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det å vere bussjåfør i distrikta er krevjande. Då må ein ha best mogeleg veg. Skal ein gå inn i endringar i med redusert intervall på reinhald, grøfter, stikkrenner, dekklapping, vegutstyr, kantslått... Dersom ein reduserer dette er det med på å auke faren for ulukker, seier Oddvar Hellesø i Firda Billag i Eid.

Fylkespolitikarane har bede alle sektorar med opplæring, kultur, tannhelse og samferdsle greie ut korleis dei kan spare pengar i ei mager tid for fylkeskommunen.

Skal spare 40 millionar

Onsdag får politikarane utgreiinga frå samferdsleavdelinga på bordet. Den viser korleis spare 40 millionar kroner på fylkesveg-budsjettet, dersom det vert nødvendig.

– Generelt så ønskjer vi å skjerme ting som har mest med trafikktryggleik å gjere, og ta meir ting som har med framkommelegheit eller servicetilbod, seier fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal.

Fylkesveg 55, Frivik-svingane

KAN BLI SMALHANS: Vegvedlikehaldet kan bli kraftig redusert i framtida dersom forslaget blir vedteke.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det er Statens Vegvesen som har gjort den faglege utgreiinga der alt i frå tunnelvask, kantklipp, brøyting, reparasjonar av veglys og asfalt er sett under lupen.

Utgreiinga legg ikkje skjul på at slike kutta vil få konsekvensar for beredskap, framkost, regularitet og trafikktryggleiken.

– Du får eit generelt dårlegare tilbod til trafikantane, og sjølvsagt kan ein få eit auka forfall på sikt, seier Lefdal.

– Kan det gå utover trafikktryggleiken?

– Eg håpar at vi har skjerma trafikktryggleiken best mogeleg. Men sikre kan vi ikkje vere.

– Kan ikkje spare på tryggleiken

Tilbake på rutebilstasjonen på Eid er Nettbuss-sjåfør Einar Starheimsvik klar på kva ein IKKJE kan spare på.

– Vi må ha den standarden vi har i dag og få redusert dettte er ikkje noko vi ser lyst på i framtida. Vi kan ikkje spare på sikkerheita.

Det er politikarane i samferdsleutvalet som først skal ta stilling til utgreiinga - og forslaga i den. Utvalsleiar Noralv Distad frå Høgre vedgår at forslaga tek vegnettet i feil retning.

– Eg forstår bekymringa som bilistar og bussjåførar har. Så blir det vår jobb å syte for at slike tiltak ikkje blir gjennomøfrt i praksis.

Han har tru på at dei skal klare å unngå tiltaka, trass i at fylkeskommunen må kutte.

– Det har eg. Når det gjeld hovudprioriteringa så skal ein bygge ut infrastruktur og samferdsle. Når det er haldningen lokalt og nasjonalt, så må ein også syte for at det skjer i praksis.