Hopp til innhold

Vil leggje ned 13 tannlegeklinikkar i fylket

Får konstituert fylkesdirektør for tannhelsetenesta i fylket, Clara Øberg, det som ho vil, vert talet på tannklinikkar halvert.

Clara Øberg

ALTERNATIV: Konstituert fylkesdirektør for tannhelsetenesta, Clara Øberg, seier ein må tenkje nytt i tannhelsetenesta.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

– Vi kjem til å foreslå ein reduksjon i talet på tannklinikkar i Sogn og Fjordane, seier Øberg.

Den utløysande faktoren er at fylkeskommunen har fått eit innsparingskrav, og då må alle avdelingar bidra.

- Men vi meiner også at det er eit fagleg rett grep å ta for framtida, seier Øberg.

I dag har fylket 28 tannklinikkar, men forslaget frå Øberg er å halvere talet.

– Det betyr at ein del einmannsklinikkar vert føreslegne nedlagde, og at vi satsar på større fagmiljø, seier Øberg.

Frå 1. januar 2017 og fram mot 2020 vert det føreslege at desse tannklinikkane vert lagde ned:

  • Naustdal
  • Vassenden
  • Sande
  • Svelgen
  • Bremanger
  • Askvoll
  • Leikanger
  • Selje
  • Balestrand
  • Innvik
  • Hornindal
  • Hyllestad
  • Aurland

Blir mindre sårbart

Øberg meiner ei nedlegging er framtidsretta og eit godt grunnlag for ei betre tannhelseteneste.

– Det blir ikkje så sårbart når det gjeld fråvære. Har du ein time hjå tannlegen treng du ikkje nødvendigvis få ei avbestilling sjølv om tannlegen er vekk, seier Øberg.

Ho peikar på at det også vert lettare å rettleie kvarandre fagleg.

– Yngre og nyutdanna ønskjer å ha nokon som kan rettleie seg på arbeidsplassen. Vi ser at når vi rekrutterer, så ønskjer dei å jobbe i eit større fagmiljø fordi det gir større fagleg tryggleik, seier Øberg.

Ho peikar på at fråvær og sjukdom råkar tannlegar på same måte som folk elles i samfunnet.

– Det fører til ein del avbestillingar, seier Øberg.

Trur ikkje det medfører stor ulempe

Dei 13 klinikkane som er føreslegne nedlagde er valde på bakgrunn av at det stort sett er einmannsklinikkar.

– Vi meiner dei er så nær større klinikkar at det ikkje medfører stor ulempe for pasientane å reise til, seier Øberg.

Ho peikar på at for mange er det også lang tid mellom kvar gong ein går til tannlegen.

– Vi meiner det ikkje er for mykje å ha ein time reisetid, sidan dette er sjeldan-tenester for dei fleste, seier Øberg.

Ei slik nedlegging betyr ein kostnadsreduksjon på 11 millionar kroner.

– Og det er det vi har fått i pålegg å spare inn i den fellesdugnaden vi er med på, seier Øberg.

Meiner det er fagleg forsvarleg

Ho meiner ikkje forslaget er drastisk.

– Vi meiner dette er fagleg forsvarleg. Sjølv om vi ikkje hadde fått innsparingskravet, ville vi nok komme med framlegget uansett, seier Øberg.

Ho peikar på stortingsmelding 35 som seier at ein bør satse på større fagmiljø.

– Dei tilsette på dei klinikkane som vert lagde ned skal ikkje bli oppsagde. Vi har lagt opp til naturleg avgang, seier Øberg.