Hopp til innhold

Han vil behandle overvekt med avføring

Overføring av bakteriar frå avføring kan erstatte dagens behandling av sjukleg overvekt, meiner professor.

Tore Midtvedt

LANG FARTSTID: I over femti år har Tore Midtvedt forska på tarmen, både ved Universitetet i Oslo og ved Karolinska Institutet i Stockholm.

Foto: Kim Holtan / NRK

– Enkelt forklart får den sterkt overvektige personen i seg avføring frå ein slank person, seier Tore Midtvedt.

Behandlinga vert kalla fekal transplantasjon, og pasienten får i seg avføringa via ein slange gjennom nasen eller munnen.

Dette trur Midtvedt er framtidas kur for dei som slit med ekstrem, livstrugande fedme. I staden for å fjerne ein bit av tarmen, sender Midtvedt ein armé på nokre milliardar bakteriar inn i tarmen til den overvektige. Dette endrar heile bakterie-økosystemet i tarmen.

– Ingen fordomar mot ei slik behandling

Sidan 2001 har Førde sentralsjukehus tilbydd kirurgiske inngrep i tarmen for dei som slit med ekstrem fedme. Etter kvart har operasjonsmetoden breidd om seg til fleire sjukehus i landet, og tusenvis av nordmenn går no gjennom operasjonen kvart år.

Fridjov Urdal

TOK OPERASJON: Fridtjov Urdal vart fedmeoperert for tre år sidan i Førde. Urdal var klar over den store risikoen det er å gjere ein slik operasjon, og seier han hadde vurdert tarmbakteriane i staden om det hadde vore eit alternativ.

Foto: Oddleif Apneset

Sjølv om Fridtjov Urdal tre år etter operasjonen konstaterer at den har gjeve han eit betre liv, skulle han heller brukt bakterieoverføring som botemiddel mot ekstrem fedme.

– Om det er ein brukande metode som gjer at du slepp å skjere ut av innvolane, so vel ein sjølvsagt det.

Urdal synest ikkje det er rart dersom avføring verkeleg kan nyttast som slankemiddel:

– Vi lever både med og av bakteriar heile tida, og det er fullt ut av dei inni oss. Eg synest det er logisk at det må ha ein verknad når dei manipulerer bakteriekulturane i tarmen.

Fridtjof Urdal på kunstmuseet i Førde

AVVISER IKKJE METODEN: Fridtjov Urdal er glad han fekk slankeoperasjon, men har også trua på Midtvedt sin metode: – Om pasienten vil verte lækt, so må han finne seg i den medisinen som kan lækje han, noko anna ville vere heilt bort i natta.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Bakteriar kan styre appetitten

– Vi veit at tarmbakteriane spelar ei vesentleg rolle når det gjeld å få mest mogleg energi ut av det vi et, seier professor Midtvedt.

– Det skulle ikkje innebere noko vektreduksjon, men det kan det faktisk verte. Somme bakteriar brukar so mykje energi på å bryte ned maten vi et, at det vert mindre energi att til oss å lagre som feitt.

Og ikkje nok med at bakteriane i tarmen er med på å styre kor høg eller låg forbrenning vi har. Midtvedt seier visse bakteriar i tynntarmen kommuniserer med hjernen vår og er med på å styre appetitten.

Han praktiserer allereie behandlinga på privat klinikk, og meiner det har vore med suksess. Så langt har han ikkje høyrt klager på biverknader.

Meiner ein ikkje veit nok

Men fleire forskarar og fedmekirurgar som NRK har vore i kontakt med, meiner Midtvedt sin metode ikkje er tilstrekkeleg etterprøvd enno.

Kirurg Villy Våge, som har drive med fedmeoperasjonar i Noreg i seksten år, svarar slik på spørsmål om det no er på tid å leggje ned fedme-operasjonsstovene på sjukehusa:

Nei, på ingen måte. Vi må ta eitt trinn om gangen. Behandling med bakteriar mot overvekt er på eit eksperimentelt stadium førebels, og det må utforskast før ein kan tilby det som behandling.