Hopp til innhold

Bøyer seg for tunnelopprøret i Vik

LEIKANGER (NRK): Noralv Distad og fylkespolitikarane lyttar til protestane frå Vik-ordførar Roy Egil Stadheim og prioriterer Vikafjellstunnelen likevel.

Roy Egil Stadheim og Noralv Distad

HARME: Lokalpolitikar Werner Madsgård (f.v.) og fungerande Vik-ordførar Roy Egil Stadheim følgjer med på om Noralv Distad (H) og resten av fylkespolitikarane går mot fylkesrådmannen sitt NTP-forslag, der han vraka Vikafjellstunnelen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– No er me glade for at Vikafjellstunnelen er komen inn att der han skal vera, seier ein letta fungerande Vik-ordførar Roy Egil Stadheim (Ap), etter at fylkespolitikarane lytta til protestane frå sognekommunen:

Hovudutvalet for samferdsle prioriterer likevel Vikafjellstunnelen i Sogn og Fjordane fylkeskommune si høyringsfråsegn til Nasjonal transportplan (NTP, sjå faktaboks).

Det har skapt stor harme i Vik at fylkesrådmannen i førre veke tok Vikafjellstunnelen ut av NTP-tilrådinga si.

– At fylkesrådmannen i Hordaland har Vikafjellstunnelen inne som eige vedtakspunkt - men ikkje fylkesrådmannen i vårt eige fylke - er skremmande, seier Stadheim, som møtte opp på hovudutvalsmøtet saman med lokalpolitikarkollegaene frå Vik, Werner Madsgård og Anders Vikøren.

MDG - tunnelven nummer 1

Vikjene har kjempa for ein trygg heilårsveg gjennom det verutsette Vikafjellet i fleire tiår, fordi riksvegen lir av hyppige vinterstengingar. Men tunnelkampen har vore flokete:

Gunhild Berge Stang, Dina Lefdal, Stein Malkenes, Bjørn Hollevik, Noralv Distad

NEI TIL KYSTRIKSVEG: Høgres Noralv Distad (f.h.) og Bjørn Hollevik vil gjera Kystvegen til riksveg og fekk støtte frå Stein Malkenes (MDG) og Gunhild Berge Stang (V, t.v.), men ikkje frå fleirtalet i Ap og Sp. Fylkesdirektør for samferdsle Dina Lefdal i midten.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men tidleg i hovudutvalsmøtet tysdag blei det klart at fylkespolitikarane vil ta Vikafjellstunnelen inn att på prioriteringslista.

Den sterkaste støtteerklæringa kom frå litt uventa hald - Miljøpartiet dei grøne (MDG), eit parti som ikkje akkurat er kjent som eit vegbyggjarparti:

– Vikafjellstunnelen bør vera prioritet nummer éin. No er det Vik sin tur, og tunnelen må prioriterast suverent føre alt det andre, sa gruppeleiar Stein Malkenes, som utfordra utvalet til å kvessa prioriteringslista for å gjennom det få større gjennomslag.

For mange «fromme ønske»

– Dette er eit godt poeng, svarar Arnstein Menes, fraksjonsleiar for Senterpartiet og talsperson for Arbeidarpartiet og Sp sitt vedtaksframlegg, som fekk samrøystes tilslutnad, med nokre tilleggspunkt frå dei andre partia.

Harald Bjarte Reite, Helen Hjertaas, Sigurd Reksnes, Arnstein Menes og Gunn Sande

NEI TIL SOGNEFJELLSTUNNELANE: Harald Bjarte Reite (f.v.) og Helen Hjertaas i Ap fekk ikkje Sigurd Reksnes, Arnstein Menes og Gunn Sande i Senterpartiet med på ta med Sognefjellstunnelane i NTP-fråsegna.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Menes åtvara sjølv i debatten mot å ta med alle «fromme ønske»:

– Tek me inn alle gode prosjekt inn i fråsegna, er det ein fare for at ingen vil lesa ho.

Hovudutvalsvedtaket er det fyrste av fleire slag i samband med fylkeskommunen sine NTP-prioriteringar. Allereie i morgon skal fylkesutvalet seia sitt, og endeleg fråsegnsvedtak skjer i Fylkestinget 14. juni.

– Av erfaring kan me ikkje slappa av. Me vil følgja tett opp og håpar Fylkestinget vedtek ei tydeleg prioritering, der Vikafjellstunnelen står høgt oppe, seier Stadheim.

Oppgjer med Regjeringa

I NTP-vedtaket tek fylkespolitikarane eit kraftig oppgjer med at Regjeringa legg så stor vekt på innbyggjartal i arbeidet med Nasjonal transportplan, der dei vil prioritera nye vegprosjekt som har stor samfunnsøkonomisk nytte.

Med ein slik tankegang kan Sogn og Fjordane – med relativt få innbyggjarar – koma dårleg ut.

– Det viktigaste for oss er å gå til åttak på denne grunntanken, som fører til at det blir lite vegbygging i distrikta, seier Menes.