Hopp til innhold

«Mange trur at alt er roseraudt etter Terra»

VIK (NRK): Rådmann Oddbjørn Ese åtvara vikjene mot å stemma på åleinegang i folkerøystinga om to veker. Det fekk han støtte - og kritikk - for på folkemøtet torsdag.

Rådmann Oddbjørn Ese i Vik

VARSKU: – Ingen må tru at økonomien i Vik kommune er i balanse. Berre i år må me bruka halvparten av eit fond på 20 millionar kroner, sa rådmann Oddbjørn Ese i Vik under folkemøtet om kommunereforma i Blixhalli torsdag kveld.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Nei til ny kommune, vil ikkje vera å halda fram som før. Mange trur økonomien i Vik er roseraud når me er ferdig med Terra-gjelda, men budsjettet har ein minus på 7-10 millionar kroner. Difor vil det tvinga seg fram betydelege grep i åra som kjem.

Bodskapen frå rådmann Oddbjørn Ese til dei 290 frammøtte vikjene under folkmøtet om kommunereforma var ikkje til å misforstå: Han kom med ei kraftig åtvaring mot å røysta på vidare åleinegang i folkerøystinga 23. mai, og det vekte reaksjonar.

– Krevjande åleine

Folk i Vik kommune kan velja mellom to samanslåingsalternativ og status quo (sjå faktaboks). Rådmannen nemnde ei rekkje forhold som vil gjera det krevjande å halda fram med å stå åleine, som:

  • Etterslepet på investeringar og vedlikehald er stort etter Terra-hestekuren
  • Vik kjøper i dag interkommunale tenester for 25 millionar kroner. Den utgiftsposten kan bli større viss Vik står åleine
Folkemøte om kommunereform i Vik

SPENNING KNYTT TIL VIK: Går vikjene sørover til Voss i folkerøystinga 23. mai, kan det vera med å påverka framtida til Sogn og Fjordane fylke.

  • Vik misser kommunereformstøtte ved åleinegang
  • Vik får ikkje utnytta potensialet i unytta kraftinntekter (sjå faktaboks)
  • Presset på dei kommunale tenestene vil auka på grunn av fleire eldre og nye oppgåver
  • Store prosjekt - som bygging av Vikafjellstunnelen - vil krevja samhandling regionalt
  • Regionen må ha ein felles strategi for å skapa utvikling, og dagens kommunegrenser kan vera eit hinder for det

– Viss de vurderer å stå åleine, må de ikkje vera blinde for dette som kan vera utfordringane, sa Ese, til dei mange engasjerte frammøtte i Blixhalli, og ei perlerad av naboordførarar og folkevalde frå Vik:

Jarle Aarvoll og Marta Finden Halset

MUNTERT GJENSYN, MEN... Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal har aldri makta å overtyda tidlegare ordførar i Vik, Marta Finden Halset, om at Sogn kommune vil vera det beste. Truleg greidde han heller ikkje overtyda mange av dei frammøtte på folkemøtet, der Vik/Voss/Aurland eller åleinegang verka som dei to alternativa som vekte størst engasjement.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
  • Ordførarar/varaordførarar: Jarle Aarvoll (Sogndal), Harald Offerdal (Balestrand), Trude Risnes (Leikanger), Hans-Erik Ringkjøb (Voss) og Noralv Distad (Aurland)
  • Vik-politikarar i panelet: Roy Egil Stadheim (fungerande ordførar, Ap), Anders Vikøren (Sp), Morten Holmberg (V), Morten Midlang (H), Gunn Randi Bjørnevoll (KrF) og Rune Hatleli (SV)

– Storkommune svekkjer skulen

Rådmannen fekk svar på tiltale: Gjertrud Samland, Venstre-politikar og lærar i Feios, var éi av fleire som argumenterte sterkt for åleinegang:

– Eg er i utakt med mitt eige parti og er skeptisk til kommunereforma: I Vik er dei fleste nøgde med tenestene. Skulen i Sogn er heilt på topp, og skuleutvikling er prioritert i Vik kommune med ei IKT-satsing i landstoppen, sa Samland og utfordra Voss-ordførar Ringkjøb på at vossaskulane hadde mindre ressursar enn i Vik.

Gjertrud Samland

FORSVARAR AV VIDARE ÅLEINEGANG: Lærar og V-politikar Gjertrud Samland frå Feios meiner kommunereforma er ei sentraliseringsreform, som ikkje gagnar Vik. Kommunen er ein av få i fylket som vil få meir inntekter i det nye inntektssystemet sjølv om han står åleine (cirka 1,6 millionar kroner).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ei samanslåing vil føra til harmonisering av pengebruken på skule, og det vil bety lågare kvalitet i dei kommunane som brukar meir pengar enn kva Voss gjer i dag, vedgjekk Ringkjøb, som òg vitja Vik under ein kommunereformkonferanse for knappe to veker sidan, der han overtydde mange med vyer om vekst og kraftpengar til Vikafjellstunnelen:

Kjeft og støtte frå folkevalde

Frå fleire folkevalde vanka det kritikk til rådmannen:

– Kommunen har informert altfor dårleg om åleine-alternativet. Der har kommunen svikta totalt, tordna Rune Hatleli (SV).

Og formannskapsmedlem Morten Holmberg (V) var ikkje nådigare:

Morten Holmberg

«VELDIG SKUFFA OVER RÅDMANNEN» – Eg oppfatta ikkje eitt positivt argument for å stå åleine i rådmannen sin presentasjon, og då er det inga objektiv og balansert vurdering, sa Morten Holmberg (V), som ikkje vil vurdera kommunesamanslåing før det kjem eit bindande stortingsvedtak om tunnel gjennom Vikafjellet. Morten Midlang (midten, H) og Gunn Randi Bjørnevoll (KrF) er derimot begge for ein storkommune med Voss og Aurland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men Ese fekk òg støtte frå fleire hald:

– Me har ikkje økonomi til å stå åleine. Her sit Balestrand-ordføraren, som har måtta leggja ned grendeskular. Slike val vil òg vikjapolitikarane måtta ta, sa Gunn Randi Bjørnevoll (KrF), og viste til Balestrand-ordførar Offerdal, som var motstandar av kommunereforma, men som har endra meining:

– Rådmannen var inne på fleire av argumenta, som gjer at eg tilrår kommunesamanslåing. Det viktigaste er krevjande økonomi for småkommunane, og Balestrand - som ein liten kommune - har fått merka det fyrst, sa Offerdal.