– Eg synest Mattilsynet og Miljødirektoratet gjer fleire feil, seier veterinær Merete Støvring.
Miljødirektoratet har vedteke at så mange som 55 vaksne villreinbukkar skal fellast i Nordfjella sone 2 fram til 12. april i år. Området er sør for fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland.
Støvring har nærare 10 år med erfaring frå Statens dyrehelsetilsyn og seinare i Mattilsynet. Å ta livet av villreinbukkane no i staden for til hausten, stressar dyra unødig, meiner ho.
– No i vinter må Statens naturoppsyn jakte på dei med snøscooter og helikopter på ei tid der bukkane er veldig nære hovudflokken, seier Støvring.
Når jegerane kjem med motoriserte køyretøy flyktar heile flokken samstundes.
– Då spring dei for livet, seier Støvring.
- Les også:
Hausten 2017 blei over 1000 villrein skotne for å få kontroll over skrantesjuka. Sjukdommen vart første gong påvist i Noreg våren 2016, på ei villreinsimle i Nordfjella. Dette vart det første dokumenterte tilfellet av sjukdommen hos hjortedyr i Europa.
Meir for seg sjølv om hausten
Veterinær Merete Støvring ynskjer også sjukdomen vekk frå norsk villrein, men hennar råd er å vente til hausten.
– Det er berre fire–fem månader til den vanlege barmarksjakta. Om hausten går bukkane meir for seg sjølve, og i den ordinære jakta så ferdast jegerane også til fots, seier Støvring.
Erik Lund i Miljødirektoratet innrømmer at det ikkje er ideelt å ta livet av dyra no.
– Det er ingen tvil at ei slik ekstra forstyrring vinterstid vil belaste dyra. Men samstundes har ein dette spøkelset i form av skrantesjuka. Viss den får spreie seg så er det betydeleg verre, seier han.
Allereie førre haust hadde Miljødirektoratet håpa at fleire bukkar skulle fellast. Men:
– Blant anna vêrforhold gjorde at resultatet ikkje blei som venta. Frå eit fagleg hald meiner me at å vente til neste haust igjen blir for lang tid, seier Lund.
– Du ser ikkje at de kunne ha gjort dette på ein annan måte?
– Med det tidsperspektivet som fagfolk har presentert, så er dette sannsynlegvis den mest skånsomme måten å gjere det på, seier Lund.