Hopp til innhold

Jegerane har skote over 500 dyr så langt

Etter seks veker med statleg jakt av villrein i Nordfjella er 531 dyr felt. Dermed står det att om lag 1000 rein i stammen, som skal utryddast heilt.

Oppstart av felling av villrein i Nordfjella.

SKRANTESJUKE-JAKT: Totalt skal over 1500 villrein skytast i fjellområdet Nordfjella mellom Austlandet og Vestlandet.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Bakgrunnen for den storstilte jakta, er utbrotet av skrantesjuke (CWD). Ved å ta ut hele stammen håper man å fjerne den dødelege dyresykdommen frå norsk jord.

– Vi er svært nøgde med framdrifta. Den er i overkant av kva vi hadde håpa og trudd på i denne perioden, med lite dagslys og krevjande vêr- og føreforhold, seier direktør Pål Prestrud i Statens naturoppsyn (SNO).

På det meste blei det felt 64 dyr på ein dag.

Før årets ordinære jaktsesong var stammen på 2.200 dyr, og med 700 felte dyr i den ordinære jakta pluss over 500 frå den statlege jakta, er det no om lag 1.000 villrein igjen i Nordfjella villreinområde.

Området strekker seg over fylka Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane og er så langt det einaste staden i Europa kor den smittsomme varianten av skrantesjuke er påvist. Derfor håper ein at jakta kan bidra til å fjerne sjukdommen helt.

Tek pause i jula

Alle dyra som blir skotne blir testa for sjukdommen, og så langt er det påvist tre sjukdomstilfelle under den statlege jakta og fire tilfelle under den ordinære jakta. Totalt har ti dyr fått påvist skrantesjuke dei siste to åra.

Frå 18. desember tar det statlege jaktlaget fri til over nyttår.

– Det betyr også at villreinen får vere i fred i to veker gjennom jula, opplyser Miljødirektoratet.

Snøscooter og helikopter blir brukt for å frakte jegerane i terrenget, og til å finne dyr og frakt av de døde skrottane. Sjølve fellinga skjer ved at mannskapet smyg seg inn på dyra, utan bruk av motoriserte køyretøy.

Dyra i bra form

Ifølgje tilsynet sine eigne rapportar ser dyra ut til å vere i bra form.

– Flokkane sine reaksjon på aktiviteten varierer sjølvsagt mykje, men jamt over verkar dyra mindre sky enn vi hadde forventa. I mange situasjonar flyktar dyra over korte avstandar, før dei roar seg og beitar vidare etter ein fellingssituasjon, seier Prestrud.

Til saman jobbar 30 personar med nedslaktinga av villreinen. Dei går i ei skiftordning kor ti personar til kvar ei tid er ute på jakt.

Etter juleferien blir jakta teken opp att og den skal etter planen vare fram til mai.