NRK Meny
Normal

Vestlandsopprør mot stamveg-utsetjing

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) vil ikkje svara på om han utset avgjerda om ny aust-vest-stamveg. Blir det utfallet, kan statsråden venta seg storm frå vest.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

KRYSSPRESS: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) møter høglydte krav frå vest om å ta ei avgjerd i stamvegsaka. Men medan Frp på Stortinget går for Hemsedalsfjellet, vil mange hjå regjeringskollega Høgre ha Hardangervidda.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Ei utsetjing vil vera særs uheldig, seier fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane.

Jenny Følling

HEMSEDALS-FORKJEMPAR: – Viss Solvik-Olsen meiner noko med at han vil ha ned planleggingstida og koma raskare i gang med nye vegprosjekt, må han ta ei avgjerd i aust-vest-saka denne våren, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Statsråden har vore klar på at avgjerda skulle koma, så ei utsetjing vil vera ei heilomvending, seier Anved Johan Tveit, styreleiar i interesseselskapet Hardangerviddatunnelene.

Følling og Tveit kjempar for kvar sin stamvegtrasé mellom Aust- og Vestlandet, men begge er samde om éin ting: Avgjerda om den nordlege hovudvegen mellom Aust- og Vestlandet – riksveg 52 over Hemsedalsfjellet eller riksveg 7 over Hardangervidda – må ikkje utsetjast.

Anved Johan Tveit

VIDDA-FORKJEMPAR: Eidfjord-ordførar Anved Johan Tveit (Sp) meiner ei utsetjing vil vera ei heilomvending frå Solvik-Olsen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men det kan samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) koma til å gjera. På direkte spørsmål frå NRK vil ikkje statsråden avkrefta at ei utsetjing kan bli utfallet.

Rapport: Utset traséval

– Denne saka er nok greidd ut. Statens vegvesen har greidd ut spørsmålet to gonger og kome til den same konklusjonen: Hemsedalsfjellet må veljast som nordleg aust-vest-stamvegtrasé, seier Følling.

I tillegg til dei to omfattande utgreiingane frå Statens vegvesen, kom i førre veke også ein kvalitetssikringsrapport som Regjeringa har bestilt. Også den rapporten vrakar Hardangervidda og tilrår Hemsedalsfjellet som ny aust-vest-stamveg.

Øst-vest traseer kart

KLAR TILRÅDING: Ein regjerings-bestilt kvalitetssikringsrapport vil heller ha riksveg 52 enn riksveg 7 som den nordlege hovudvegen mellom Aust- og Vestlandet. Regjeringa har allereie bestemt at E134 skal vera den sørlege aust-vest-stamvegen.

Foto: NRK/Google Maps

Men rapporten konkluderer òg at Regjeringa fyrst bør greia ut den såkalla Hordalandsdiagonalen, ein ny vegarm frå Bergen som koplar seg på E134 over Haukeli. Ein slik ny utgreiingsrunde vil i så fall bety at sjølve stamvegavgjerda er i det blå. Og det ønskjer heller ikkje Hordalandsdiagonal-forkjemparane:

– Det er blitt brukt så mykje ressursar, og ein har hatt så mange utgreiingsrundar, at politikarane må no seia: Slik blir det, seier Arnfinn Førsund, dagleg leiar i interesseselskapet Hordalandsdiagonalen.

Hordalandsdiagonalen

HORDALANDSDIAGONALEN: Det verserer førebels tre alternativ til ny veg mellom Bergen og Odda og vidare påkopling til E134 over Haukeli.

Stortinget ber om avgjerd

Heller ikkje Høgre og Framstegspartiet på Stortinget vil ha ei utsetjing. Det stadfesta transportpolitisk talsperson Åse Michalsen i Frp og Nikolai Astrup (H), leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen, i førre veke.

Ketil Solvik-Olsen vil ikkje bli intervjua i NRK, men skriv dette i ein e-post: «Beslutning om trasevalg vil bli tatt senere og fremlagt i Nasjonal transportplan (NTP).»

Samferdsleministeren legg fram sitt forslag til NTP i løpet av våren. Stortinget vedtek transportplanen i juni.

Skulle avgjerda til Solvik-Olsen vera å utsetja heile trasevalet, er ikkje det i så fall den fyrste gongen: 18. desember 2015 bestemte statsråden at E134 over Haukeli skal vera den sørlege aust-vest-stamvegen, men den nordlege hovudvegen greidde han ikkje å avgjerda den gongen.

– Statsråden har eit godt nok beslutningsgrunnlag til å gjera ei avgjerd, og eg forventar at sentrale politikarar står opp og tek avgjerda etter den tidsplanen dei har snakka om, seier ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, nestleiar i interesseselskapet for Hemsedalsfjellet.

Åse Michalsen og Nikolai Astrup

VIL HA STAMVEG-AVGJERD I JUNI: Både Åse Michalsen (Frp) og Nikolai Astrup (H) vil at ny hovudveg mellom Aust- og Vestlandet skal bestemmast som ein del Nasjonal transportplan i juni.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser