Hopp til innhold

Rapporten alle venta på, men som ingen kunne juble for

Den omfattande kvalitetssikringsrapporten til regjeringa tilrår riksveg 52 Hemsedalsfjellet som ny aust-vest-veg. Men først bør dei sjå på Hordalandsdiagonalen.

Øst-vest traseer kart

ALTERNATIV: Konsulentane rår til at nordlege RV 52 blir prioritert framfor RV 7 i sør.

Foto: NRK/Google Maps

Vegentusiastar og lobbyistar på Vestlandet og store delar av Austlandet har vore spente på det store vegslaget i Sør-Noreg.

Kvar skal hovudvegen mellom aust og vest gå?

Den eine skal følgje E134 over Haukelifjell. Striden om den andre har vore hard.

Frontane har stått mellom riksveg 7 over Hardangervidda, som særskilt bergensarane og hardingane ønskjer, og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, som ein allianse av Sogn og Fjordane, rest-Hordaland og austafjellskommunar ønskjer.

Statens vegvesen har i si konseptvalutgreiing tilrådd RV 52 Hemsedalsfjellet.

E134 og Bergen først

Sjølv om rapporten slår fast at Rv 52 over Hemsedalsfjellet er eit betre alternativ enn Rv 7 Hardangervidda, er det ingen av forkjemparane som er heilt nøgd.

Harald Victor Hove

HARDANGERVIDDA: Harald Victor Hove leiar lobbyselskapet Hardangerviddatunnelene.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– Rapporten er ikkje så tydeleg som vi hadde håpa på. At ein skal greie ut ei kopling mellom Bergen og E134, før ein fattar ei endeleg avgjerd for stamveg nummer to mellom aust og vest er ei dårleg løysing for begge alternativa, seier dagleg leiar i Hardangerviddatunnelene AS, Harald Victor Hove.

– Om dette vert anbefalinga samferdselsministeren følgjer, vil det kunne ta lang tid før det vert ei avgjerd om kva som vert alternativ to som stamveg mellom aust og vest, legg han til.

Han får støtte Oddvar Flæthe som er sekretariatsleiar i interesseselskapet for riksveg 52, Hemsedalsfjellet.

Oddvar Flæte

HEMSEDALSFJELLET: Oddvar Flæthe er sekretariatsleiar i interesseselskapet for riksveg 52.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg er glad for at rapporten understrekar det Statens vegvesen alt har sagt, at Hemsedalsfjellet er det best alternativet. Men dei som har greia ut rapporten har vore veldig opptatt av strekninga Bergen-Oslo og Vestlandet er meir enn berre Bergen, seier han.

For dagleg leiar i Hordalandsdiagonalen AS, Arnfinn Førsund, er det ein gledas dag.

– Dette er veldig positivt for Hordalandsdiagonalen. Den vil bety ein formidabel reduksjon i reisetida mellom Bergen og Oslo. Eg er heller ikkje overraska om at det vart Hemsedalsfjellet som vart tilrådd, seier han.

Hordalandsdiagonalen skal gå frå Bergen til Odda, og vil saman med utbetringane på E134 over Haukeli kutte reisetida mellom Bergen og Oslo til rett over fire timar.