Hopp til innhold

Desse bileta skal freiste amerikanarane

Midt på travlaste Times Square i New York skal desse turistbileta frå fjordlandskapet på Vestlandet skape reiselyst blant amerikanarane.

Times Square og Indre Nordfjord
Foto: Fjord Norge AS

– Dette er den største reklameplassen ein kan få tak i. Her er det millionar av menneske som beveger seg gjennom, og vi har mellom 30–40 visingar per time per plakat. Så dette er bra eksponering av Vestlandet i verdas hovudstad New York, fortel administrerande direktør i Fjord Norge AS, Kristian B. Jørgensen.

Midt i travle Times Square har vi valt desse bileta som viser noko heilt anna.

Kristian Jørgensen

Bileta som vert vist er frå Indre Nordfjord, Geiranger, Trolltunga og Nærøyfjorden.

I fjor hadde Fjord Norge AS ein kampanje der dei kåra dei ti beste opplevingane på Vestlandet.

– Vi fekk inn fleire tusen bilete frå nordmenn og fire av desse vart kåra etter ei avstemming til å bli vist på Times Square, seier Jørgensen.

– Amerikanarane likar vakre ting

Trolltunge - Fjord Norge

TROLLTUNGA: Trolltunga i Hordaland får reklameteksten 'Vip lounge in Fjord Norway'.

Foto: Nina De Flon

Og no er bileta synlege saman med bilete frå verdskjente merker. Tre store såkalla superboards viser dei fire bileta denne veka.

Jørgensen trur dette vil gje resultat og at amerikanarane vert freista av fjordane.

– Det er ingen tvil om at amerikanarar likar vakre ting. Midt i travle Times Square har vi valt desse bileta som viser noko heilt anna. Plass, rom ro, rein luft og alle dei verdiane som ein ikkje finn på Times Square, fortel han.

Geiranger, Fjord Norge

GEIRANGER: Geirangerfjorden i Møre og Romsdal er i desse dagar å sjå på Times Square i New York.

Foto: Per Ottar Walderhaug

– Håpet vårt er at dei får lyst til å reise til Vestlandet og fjordnorge og dermed bestille eit fly.

Gode tal frå USA

Nærøyfjorden - Fjord Norge

NÆRØYFJORDEN: Nærøyfjorden i Aurland er ein av dei fire bileta som skal lokke amerikanarar.

Foto: Katrin Moe

– Allereie no ser vi ein veldig god vekst på tala frå USA som ein del av eit samarbeid med Innovasjon Norge. Vi ser heilt klart allereie no veldig gode tal frå USA og dette tiltaket skal bidra til å sikre enda betre tal enn det vi allereie ser, seier Jørgensen.

Han meiner det er noko ikonisk å plassere seg på Times Square.

– Det vert lagt merke til og omtalt, og eg trur det er første gong norsk reiseliv er ute og promoterer seg på denne arenaen. Slik sett er det ein viktig arena å ta tak i. Men det er summen av all innsatsen vår som gjer at vi får ein effekt i forhold til det arbeidet vi held på med i USA, forklarar Jørgensen.

Freistar til gjentaking

Indre Nordfjord - Fjord Norge

INDRE NORDFJORD: Landskapet i Nordfjord i Sogn og Fjordane har også fått sin plass på Times Square.

Foto: Erik Hermansson

– Det var faktisk langt rimelegare enn vi hadde trudd, så det freistar til gjentaking. No får vi evaluere denne veka her og sjå kva eksponering det gir, seier Jørgensen.

Han oppmodar alle nordmenn som er på Times Square denne veka her om å ta bilete og video dele det vidare.