Hopp til innhold

Ola Nordmann til Uncle Sam: hit må du reise!

20 000 nordmenn har kåra Kristiansund, Strandafjellet og Geirangerfjorden til reisemåla som utlendingane MÅ besøke på Vestlandet. Reiselivsnæringa gnir seg i hendene.

Strandafjellet

Strandafjellet er eitt av reisemåla over 20 000 nordmenn seier utlendingar må besøkje på Vestlandet.

Foto: Ole Sandvik

Kristiansund, Strandafjellet og Geirangerfjorden har nettopp blitt kåra til tre av dei ti reisemåla utlendingar besøkje når dei kjem til Vestlandet.

– Vi veit at folk er opptekne av ti-på-topp-lister. Når dei reiser til eit nytt land, vil dei vite kva dei ikkje bør gå glipp av. Her har folket talt, seier administrerande direktør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge AS.

Turistnæring bak kåringa

Geirangerfjorden

Geirangerfjorden er kåra til eitt av dei viktigaste turistmåla å besøkje for utlendingar.

Foto: Per Ottar Walderhaug -

Det er Fjord Norge AS, turistrådet for Vestlandet, som sjølve står bak kåringa. Jørgensen meiner det ikkje svekkjer truverdet bak ti-på-topp-lista, som inneheld følgjande destinasjonar:

  • Preikestolen
  • Lysefjorden og Kjerag
  • Bergen
  • Trolltunga
  • Hardangerfjorden
  • Nærøyfjorden
  • Indre Nordfjord
  • Geirangerfjorden
  • Kristiansund
  • Strandafjellet

– Ville at folk skulle bestemme

Kristian Jørgensen

Administrerande direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge AS meiner kåringa av dei beste reisemåla på Vestlandet har stor verdi.

Foto: Ketil Jordan/NRK

Først bad Fjord Norge AS folk om å sende inn bilete av sine beste opplevingar på Vestlandet i sommar. Deretter har 20 000 menneske stemt på dei beste bileta og stadene. Så har turistrådet på Vestlandet oppsummert stemmene som dei mest populære bileta har fått, og laga lista.

– Men er ikkje dette nokså forutsigbart?

– Kanskje for oss som bur her heime, men det ligg ærlegdom og truverd bak desse svara. Og det er ikkje tre mann som har stemt, det er over 23 000, seier Jørgensen.

– Men kor oppsiktsvekkjande er ei slik liste med så sjølvsagde turistmål?

– Lista stadfestar at nordmenn er samstemte i forhold til det vi har trudd og meint. Vi får ofte spørsmål om kva som er dei beste reisemåla. I staden for at vi skal bestemme det, har vi bedt nordmenn om å fortelje kva dei meiner det er verdt å skryte av, seier han.

– Mest overraska over Kristiansund

Båtar etter Hurtigruta i Kristiansund

Dette vil mange kristiansundarar vise fram for andre som kjem til Vestlandet.

Foto: Jørgen Iversen Lie

Turistsjefen seier han sjølv er mest overraska over at Kristiansund er med på lista over dei ti beste opplevingane i Noreg.

– Den største overraskinga for meg var nok Kristiansund. Eg trur folk i området har mobilisert ganske kraftig, i tillegg har nok fleire fått auga opp for kor spesielle reisemål som er i området, seier Jørgensen.

Vil bruke for alt det er verdt

Roar Harsvik

Reiselivssjef Roar Harsvik seier resultatet skal brukast for alt det er verdt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Reiselivssjef Roar Harsvik for Destinasjon Kristiansund og Nordmøre AS seier dei er svært glade for å ha kome med på lista.

– Vi vil bruke det for det som det er verdt i marknadsarbeidet vårt framover, seier han. Harsvik framhevar gjestfridomen i området, og trur det har vore utslagsgivande, i tillegg til ein vakker by.

Hevdar sju millionar har sett bileta

Jørgensen vedgår at konkurransen og bileta betyr mykje for marknadsføringa av Noreg som turistmål.

– Sju millionar menneske har sett bileta frå konkurranse. Det er klart det er ei enorm marknadsføring, seier han. Han viser til at folk har bedt vener og veners vener om å sjå på fotografia.