Hopp til innhold

Vêromslaget gjekk betre enn frykta, men her gjekk det gale

FØRDE (NRK): – Hadde det ikkje vore for trea, så hadde bilen halde fram med å rulle nedover bakken.

Bil av vegen

UTFORKØYRING: Bilen køyrde ned den bratte skråninga, før den gjekk rundt og la seg opp etter trea.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Meteorologane og NAF åtvara , men vêromslaget førte ikkje til nokon hektisk morgon for Arild Tistel og Førde bilberging.

I alle fall ikkje før telefonen kom om utforkøyringa på sidevegen mot Kinna i Førde.

– Er vedkommande i fin form, så er han heldig. Eg vil tru det er litt adrenalin ute å gå hos vedkommande, seier Tistel og ser på bilen som ligg sidelengs oppetter nokre grantre.

– Det er nokre meter ned og det er bratt, legg bilbergaren til.

Ingen meldingar

Arild Tistel

BILBERGAR: Arild Tistel og Førde bilberging var budde på ein hektisk tysdag. Så langt ser det ut til å ha gått greitt føre

Foto: Håvard Heggen / NRK

Tistel var budd på ein langt meir hektisk tysdag som følgje av vêromslaget. Det var også politiet.

– Ut frå meldingane i media i går, så var vi budde på nokre hendingar. Men det ser ut til at folk kanskje har teke det til følgje, og vore påpasselege eller latt bilen stå, seier operasjonsleiar Vibeke Næss ved Vest politidistrikt.

– Vi har så langt ikkje fått meldingar om noko uhell eller ulukke som følgje av glatt veg, legg ho til.

Like etter at NRK snakka med politiet, fekk politiet melding om ei utforkøyring i Angedalsvegen i Førde. Ein person vart sendt til legvakt for sjekk.

– Små marginar

Skader på bil

SKADER: Bilen fekk ein del skader etter den ufrivillege turen utfor vegen.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Sør- og Austlandet ser prognosane derimot ut til å ha slått til. I Akershus sperrar eit vogntog nordgåande løp på E6.

På Vestlandet gjekk gradestokken frå minus til pluss, som venta. Det var også som venta at nedbøren endra seg frå kvit til våt.

På fylkesveg 482 meiner Tistel at vegen er bra etter forholda, men at bilen kan ha «blitt fanga» av slaps i vegkanten.

– Det er små marginar, men bilane byrja å bli bra sikre. I alle fall nyare bilar har gode tryggleikssystem som varetek bilførar og passasjerar. Det har litt å seie i slike situasjonar, seier Tistel.

Trøbbel for fotgjengarar

På Nordfjordeid førte det i alle fall til utfordringar for mjuke trafikantar.

– Eg trur ikkje det blir glattare enn dette. Det er speglholke og heilt umogleg å gå kring om, seier Ida Kvålen.

Hans Petter Vereide

OPNAR: Hans Petter Vereide i full gang med å hogge opp slik at vatnet får renne fritt ned i kummen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Like ved er Hans Petter Vereide ved teknisk drift i Eid kommune i full gang med å hogge opp og reinske tette slukar, slik at vatnet får renne fritt.

– Det er venta mykje regn på torsdag, men no er det så frose her at vatnet ikkje renn ned, seier han.

Han oppmodar folk om å gå med broddar, og bilistar til å vise omsyn til mjuke trafikantar. Hjulspora er fulle i vatn.

– Vi hadde snø og julestemning. No blir det berre tyl, seier han.