Hopp til innhold

No stig vatnet igjen langs kysten

FLORØ (NRK): Stormfloa er venta å få ein ny topp i 14-tida i dag. Då kan den bli høgare enn i natt.

Stormflo i Florø

FLORØ: Vatnet er igjen byrja å stige og i ettermiddag kan floa bli større enn i natt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Blir det litt lågare trykk og litt meir vind som stuar opp meir vatn, så kan det fort utgjere nokre centimeter, får NRK opplyst ved Meteorologisk institutt.

Fekk vatn i kjellar

Rolf Arne Rognaldsen

BUR SEG: Senterleiar Rolf Arne Rognaldsen ved Amfi Florø seier at dei er budde dersom vasstanden skulle bli urovekkande høg.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Det var knytt spenning til kor høg vasstand «Didrik» ville føre til i natt. I Florø var fleire nysgjerrige ute for å sjå til floa i natt.

Det vart raskt klart at floa ikkje vart så ille som enkelte frykta.

– Quality hotell i Florø har dansegolv lågt i terrenget. Dei var spente på om vatnet skulle sige inn og gjere dansegolvet til eit badebasseng, fortel NRK-reporter Fredrik Helland.

Alarmsentralen opplyser at dei hadde eitt oppdrag i natt.

– Vi hadde 10–15 centimeter vatn på kjellargolvet i eit bustadhus i Gate 1, så der var det ned med pumper og få ut vatnet, seier overbrannmeister i Kinn brann og redning, Jon Inge Henden.

Ny topp klokka 14

Stormflo i Florø

SPERRA AV: Kinn kommune sine folk var ute i natt for å sjå til at stormfloa ikkje gjorde skade i Florø.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Langs kysten av gamle Sogn og Fjordane fylke er det ein målar som registrerer vasstanden. Den står i nettopp Måløy, og viser at varselet om oransje faregrad for flo trefte bra.

– I natt målte den floa til 264 centimeter ein time etter midnatt. Det er ein verdi vi ser kvart tiande år, og innanfor det oransje farevarselet, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Stormflo i Florø

GJEKK BRA: Det vart høg vasstand i Florø, men heldigvis ikkje høg nok til å gjere skade i natt.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Utanfor kysten av gamle Sogn og Fjordane kan toppen klokka 14 i dag bli høgare.

– Her ligg spenninga. Kommunen sine folk seier at vasstanden er meldt ti centimeter høgare. I natt stod vatnet til kanten på husveggane. Ti centimeter kan vere det som skal til før bustader eller andre bygg får vatn i seg, seier Helland.

Flinke til å bu seg

Brann- og redningsetaten bur seg difor på moglege oppdrag utover ettermiddagen.

Overbrannmeister Henden seier at enkelte bygg står utsett til om vasstanden nok.

– Vi går over utstyr, sjekkar pumper og aggregat, slik at det ikkje skal svikte. Bygningseigarane er blitt flinke å bu seg, så eg trur det skal gå bra. Men dersom vasstanden blir ti centimeter høgare, så blir det utfordringar, seier han.

– Skulle det vere naudsynt, så er vi raskt ute, forsikrar Henden.