Venta på at det skulle smelle

– Det var små marginar. Eg ser sjeldan slike forbikøyringar til vanleg.

RETT FØR DET SMALL: Forbikøyring på riksveg 15 mellom Stryn og Nordfjordeid.

Distriksleiar i Trygg Trafikk, Sogn og Fjordane, Audun Heggestad i legg til at det var skremmande å sjå kor nære det var ei ulukke.

Audun Heggestad

FARLEG: Det var rett og slett livsfarleg, seier Heggestad.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Dei som køyrer slik burde vorte fråtekne førarkortet for ei stund. Ein frontkollisjon der ville gjeve kraftige skadar, seier Heggestad.

Gav beskjed til veslebror om å bremse

– Veslebror på 16 år øvelsekøyrde, seier stryningen som filma videoen.

Bilføraren hadde fyrst køyrd heilt opp i bilen deira, før han køyrde forbi og la seg mellom dei og bilen framfor.

– Han la seg ut i venstre køyrefelt og låg der i om lag låg 200 meter før ein krass venstresving, fortel ho.

Han måtte leggje seg inn igjen, men ved neste sving tok bilføraren valet om å køyre forbi igjen. Det var då det nesten small.

– Det var ille. Vi såg at bilen kom imot og vi venta på at det skulle smelle, fortel ho.