NRK Meny
Normal

Venstre snur i jordbruksforhandlingane – igjen: – Eg er skikkeleg skuffa

Bøndene jubla då KrF og Venstre braut med regjeringa i jordbruksforhandlingane og opna for å gje bøndene meir. Men no er alt i det blå, etter at Venstre har trekt seg frå samtalane med opposisjonen.

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

GJEV SEG ALDRI: – Eg kjem aldri til å gje meg på dei 790 millionane vi må ha for å få lik inntektsutvikling som andre yrkesgrupper, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Eg høyrde nyheita i går kveld. Eg er skikkeleg skuffa og eg synest Venstre er uansvarlege, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

For kort samanfatta er dette saka. Bøndene kravde 1,45 milliardar i årets jordbruksoppgjer, medan tilbodet frå regjeringa var på 410 millionar.

Bøndene har protestert høglydt og sagt at dei må ha minst 790 millionar, for at inntektsutviklinga i kroner og øre skal bli like store som andre yrkesgrupper.

30. mai braut Venstre og KrF med regjeringa og sa at dei ville gje bøndene meir enn regjeringspartia sitt forslag om 410 millionar og opna for å gje bøndene 790 millionar.

No har Venstre snudd og meiner det vert for dyrt.

Gjev seg aldri

Etter at forhandlingane braut saman på Stortinget torsdag kveld har Venstre sagt at dei vil legga fram sitt eiga forslag i løpet av fredagen.

– Eg kjem aldri til å gje meg på dei 790 millionane vi må ha for å få lik inntektsutvikling som andre yrkesgrupper. Det handlar ikkje berre om i år, men inntektsutviklinga dei neste fire-fem åra, seier Felde.

– Vi må jobba vidare inn mot Venstre og prøva å påverka dei som bestemmer dette, legg han til.

16. juni skal Stortinget stemma over forslaga i jordbruksforhandlingane.

Ansvarleg pengebruk

Opposisjonen ønskja å auke ramma til mellom 770 og 790 millionar, om lag 100 millionar meir enn regjeringa.

Trine Skei Grande

VENSTRE: Leiar Trine Skei Grande.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Vi vil ha eit godt oppgjer til bøndene, og eit betre forslag enn det regjeringa kom med, men ikkje på det nivået som Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande til NRK.

– Vi håpar difor at regjeringspartia og andre parti vil vurdera å stemma subsidiært for kompromissforslaget til Venstre når saka kjem til behandling i Stortinget, seier ho vidare.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.