– Dette var fantastiske nyhende. Veldig bra at politikarane har innsett alvoret, jublar Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag til NRK.
- Les også:
– Ein gledas dag
Då NRK ringer Felde har han ikkje fått med seg nyheita. I det han får fortalt bodskapen om at KrF har antyda å auka beløpet frå 410 millionar til 790 millionar, skrik han:
– Det er fantastisk! Ein gledas dag, seier Felde.
– 790 millionar er det vi treng for å få lik inntektsauke som andre yrkesgrupper, seier Felde, som likevel håpar på i overkant av 800 millionar.
For han har heile tida vore klar på at tilbodet frå regjeringa har vore altfor lågt. Då landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) besøkte Balestrand tidlegare i mai fekk han huda full av Felde.
– Vi er klare til å gå i forhandlingar for å gi bøndene den inntekta dei treng for å produsera maten vår, seier KrFs landbrukspolitiske talskvinne, Line Henriette Hjemdal.
– Ekstra viktig for oss
Pål Farstad i næringskomiteen for Venstre seier at vil gje ekstra støtte til små- og mellomstore gardsbruk.
– Vi er det fylket som har flest av desse, så for oss er det ein stor siger. Då seier dei ja til eit landbruk over heile landet, seier Felde.
Bondeorganisasjonane braut tidlegare i vår forhandlingane med staten om jordbruksoppgjeret. Det inneber at tilbodet frå staten vart oversendt til Stortinget og næringskomiteen, som etter planen skal kome med innstilling om saka 8. juni.
Avstanden har vore stor mellom partane. Det siste tilbodet frå staten før brotet var på 550 millionar kroner, mens det opphavlege kravet frå bøndene var på 1,45 milliardar kroner.
Bøndene har vist si misnøye med tilbodet frå staten gjennom fleire demonstrasjonar dei siste vekene.