Hopp til innhold

Veit ikkje om dei finn årsaka til brannen

Statens havarikommisjon veit framleis ikkje kvifor det byrja å brenne i ei trekkvogn i Gudvangatunnelen i slutten av mars.

Brannen i Gudvangatunnelen

TUNNELBRANN: Slik såg det ut i Gudvangatunnelen etter brannen.

Foto: Silje Drevdal / Statens vegvesen

– Det kan ta tid, og det er ikkje sikkert at vi finn årsaka til brannen i Gudvangatunnelen, seier inspektør Per Olav Hetland i Statens havarikommisjon for transport.

Over 30 personar vart evakuerte då det i slutten av mars byrja å brenne i trekkvogna. Fire personar fekk behandling for lettare røykskadar. Vogntoget vart heilt utbrent i brannen.

– Dersom det ikkje er noko vi ser av restane, så kan det vere mange feilkjelder som kan ha ført til brannen, seier Hetland.

33 personer ble evakuert og fire personer ble sende til sykehus etter at et vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til lørdag.

BRANN: 33 personar vart evakuerte og fire personar sende til sjukehus etter at eit vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 i Aurland.

Utfordrande arbeid

Vogntoget som tok fyr var heilt nytt, og eigarane skjønar ikkje kvifor det tok til å brenne. Havarikommisjonen prøver no å finne og ta vare på alle spor dei kan i samband med undersøkingane.

Havariinspektør - Per Olav Hetland etter tunnelbrann i Gudvangatunnelen 2019

UNDERSØKER: Per Olav Hetland er havariinspektør i Statens Havarikommisjon.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– All aluminium og plast er brent bort og smelta, men leidningsnettet som er av kopar kan vi sjå på. Det kan kanskje fortelje oss noko om kvar det har oppstått kortslutningar først.

Dei kan også sjå på kvar det er mest sot og kvar det er mest reinbrent. Det kan fortelje noko om kvar brannen har vore mest intens.

– Det er ikkje dermed sagt at vi finn ut kva som har forårsaka brannen, men det kan gi oss nokre spor på vegen, seier Hetland.

HER STARTA BRANNEN: Natt til laurdag byrja eit vogntog å brenne i Gudvangatunnelen.

Tredje brannen på seks år

Der er ikkje berre vogntoget som vert undersøkt. Havarikommisjonen undersøker også tryggleiksutstyret i tunnelen, evakuering og redningsarbeid. Dei vil også sjå brannen i samanheng med tidlegare brannar dei har undersøkt.

– Sidan dette er tredje gongen det skjer i Gudvangatunnelen, vil vi sjå på Gudvanga- og Flenjasystemet for å sjå om geometrien har noko å seie. Dersom brannen ikkje har noko med varmgang å gjere, er det også eit funn vi vil beskrive.