Hopp til innhold

Vegvesenet: No må du få på vinterdekka!

Det blir meldt om både minusgrader og glatte vegar fleire stader. Få på vinterdekka, seier Vegvesenet.

Glatt veg.

GLATT: Det er glatt i morgontimane. (Arkvibilete)

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er ikkje anna å tilrå. Eg merka sjølv i dag tidleg at det er glatt på sidevegane. Ein skal sko seg etter forholda, og skal ein køyre no i morgontimane så bør ein ha på vinterdekk, seier vaktoperatør ved Vegtrafikksentralen Kjetil Molvær.

Det kan vere skummelt glatt for dei som køyrer med sommardekk mange stadar. Det er frost fleire stadar i låglandet. Med kulda er det også lokal tåke fleire stadar.

– Kontraktørane er ute og saltar på hovudvegane og dei viktigaste riksvegane, så der skal det vere bra. I Kjøsnesfjorden er det glatt, men det skal bli salta, seier Molvær.

Problemet er at det er glatt på sidevegane.

– Skal du ut på sidevegane så bør du ha på vinterdekk, seier Molvær

Skal bli mildare – men no kan det vere glatt

– Periodevis kan det vere veldig glatt. Det vil jo vere dei stadane der frosten møter fukt nær elvar, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.

NRK har fått rapportar fleire stadar i fylket av bilistar som kjenner at vegane er glatte.

I Indre Sogn er det minusgrader. Det er kjølig i fylket og lokal tåke fleire stadar. Men ut på dagen blir det mildare, og mildvêr blir det i fleire dagar framover.

– Det er tilskyande mot ettermiddagen. Det blir litt mildare, spesielt om nettene, seier Andersen.