Hopp til innhold

Må ha ferje i beredskap på grunn av rasstengd veg

Det både rasa og buldra då geologen kom fram til rasstaden på fylkesveg 331 i Sogn. No blir vegen stengt fram til måndag.

Ras

MÅ VENTE: Dette raset vert tidlegast rydda over helga.

Foto: Terje Veka

– Det har vore store masser som har rasa ned, seier geolog Jens Tveit.

Etter at det rasa ved Kvita Skred-tunnelen mellom Ornes og Skjolden i Luster, blei han kalla ut for å vurdere rasområdet.

– Raset kom med skikkeleg kraft og i stor fart. Det meste har gått over tunnelen og ut i fjorden, seier han.

Jens Tveit

MÅ TENKE SIKKERHEIT: Det rasa framleis då geolog Jens Tveit kom fram til rasstaden i Luster.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Ved opninga til tunnelen ligg det ein god del stein, jord og tre på eit 100 meter langt område. Vegen er stengt fram til måndag, og alle som skal mellom Ornes og Skjolden må belage seg på båt over Lustrafjorden.

– Det er mykje aktivitet i rasområdet, så noko opprydding er ikkje forsvarleg. Området må bli spylt, men på grunn av mykje tåke skjer det først på måndag med eit helikopter.

Det vert ei ny vurdering på måndag kl. 15 om vegen kan opne, melder Statens vegvesen.

Luster kommune opplyser om at det er sett inn ekstra ferjeruter mellom Solvorn og Ornes. Ekstrarutene går kl. 18.30 frå Solvorn og 18.50 frå Ornes på laurdag. Kl. 10.00 frå Solvorn, kl. 10.30 frå Ornes, kl. 14.00 frå Solvorn og kl. 14.30 frå Ornes på sundag.

Ferja ligg i beredskap til vegen opnar att.