Hopp til innhold

– Eg tykkjer det er veldig skremmande. Eg er veldig letta over at det ikkje gjekk liv

ÅRDAL (NRK): Trude Klingenberg køyrer dagleg langs rasutsette fylkesveg 53 i Årdal. Kvar dag held ho pusten, og håpar at raset ikkje skal kome.

Trude Klingenberg

PENDLAR: Kvar dag køyrer Trude Klingenberg frå heimen sin på Årdalstangen til jobben som miljøterapeut i Lærdal kommune.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Raset var jo gigantisk. Eg hadde ikkje trudd at det ville gå eit så stort ras her, seier Trude Klingenberg,

Ho arbeidar som miljøterapeut i Lærdal kommune, og brukar vegen mellom Årdalstangen og Lærdal ofte.

Det er to veker sidan fylkesveg 53 vart råka av eit stort steinras og isolerte dei over 5000 innbyggjarane i Årdal. Vegen er hovudfartsåra til og frå kommunen, og brukt av mange pendlarar.

– Eg tykkjer det er veldig skremmande, og akkurat den strekninga er det ubehageleg å køyre. Eg er veldig letta over at det ikkje gjekk liv, seier Klingenberg.

Vegvesenet meiner bilistane skal føle seg trygge

Regionsjef for Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, seier det er vanskeleg å sikre seg mot ras.

– Alle skred kjem overraskande på Vegvesenet. Vi veit at det kjem ein del skred kvart år, men eit skred av denne størrelsen var overraskande, seier han.

Området der skredet gjekk, låg alt inne i Statens vegvesen sin rassikringsplan.

– Den typen skredsikring som var tenkt i dette området ville ikkje stoppa dette skredet. Dei sikringsgjerda som var tenkt ville blitt knust, seriar han.

– Kan bilistane føle seg trygge framover?

Eg skal ikkje garantere at det ikkje kjem skred, men eg trur ein skal føle seg trygg når ein køyrer på vegane her, seier Finden.

Raset i Årdal

VAR ISOLERT: Då den einaste omkøyringsvegen stengde, var industrikommunen lenge isolert av raset.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kjem til å halde pusten

Klingenberg seier ho fleire dagar før raset hadde lagt merke til at det låg stein i vegen utanfor tunnelen.

– På den strekninga, så har eg sett stein fleire gonger. Onsdagen før det rasa tok eg meg sjølv i å halde pusten der raset gjekk.

Ho er lagt frå overraska over at det rasa der det gjorde.

– Akkurat no er eg veldig letta over at det ikkje gjekk liv, men eg har gått å venta på raset. Fleire har kjent på det same, så eg er glad for at dei no sikrar strekninga.

Likevel kjem ho til å halde pusten på strekninga ho køyrer titt og ofte.

– Du kan ikkje tenke på det. Må du køyre, så må du. Ein får berre håpe med heile sitt hjarte at det går bra, seier Klingeberg.

Svenn Finden

SIKRINGSGJERDE VILLE BLITT KNUST: Regionsjef for Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, seier skredsikringa som var tenkt ikkje ville stoppa skredet i Årdal.

Foto: Oddmund Haugen / NRK