Stort steinras i Årdal: dykkarar sendt i retur

Politiet trur det framleis er rasfare på fylkesveg 53 i Årdal, der eit 70 meter breitt steinras sperrar vegen. Dykkarar frå Bergen skulle eigentleg undersøke området, men det var for farleg.

Ras Finnsåstunnelen

STORT RAS: Raset på Finnsåstunnelen sperrar vegen og det kan ta tid før vegen kan opnast igjen.

Foto: NRK-tipsar

– Eg er overraska over at det har gått eit så stort ras akkurat her, seier Rune Dvergsdal i Vegvesenet.

Han fortel at ein ikkje kan gjere noko på rasstaden før geolog har vore der ut på føremiddagen fredag.

Dykkarane frå Bergen brannvesen skulle undersøke sjøen rundt rasstaden torsdag, men vart sendt heim.

– Det er for å sjekke området rundt raset i sjøen, med tanke på dersom det skal ha gått bilar eller folk i sjøen, sa Jan Erikstad hos Vegtrafikksentralen.

Like etter klokka 18 torsdag kveld meldte politiet at dykkarane ikkje skulle gjere undersøkingar likevel. Det var mørkt og vanskeleg å gjere slike undersøkingar, og ingenting tydar på at det har vore folk i nærleiken av raset.

Raset blei meldt inn til politiet klokka 14.14 torsdag ettermiddag og er mellom fire og fem meter høgt. Det er tettpakka med jord og stein, mange store steinar, melder politiet.

– Vegen er heilt stengd, seier Roger Nedberge Hille i Vegvesenet til NRK.

Kom til staden rett etter raset

NRK har snakka med folk som kom til tunnelen rett etter at raset hadde gått og dei fortel at raset er massivt.

– Då vi nærma oss utgangen av tunnelen såg vi raset. Det rasa framleis småstein og lufta var full i støv. Det kan knapt ha gått eit minutt frå raset gjekk til vi var der, seier ein av dei som kom til staden.

Han ringde politiet, medan ein anna sjåfør stansa andre bilar som var på veg inn i tunnelen.

Må køyre lang omveg

Fylkesveg 53 er hovudvegen for alle dei rundt 5000 innbyggjarane i Årdal kommune, og nett no må dei køyre via fjellvegen til Tyin og E16 Filefjell dersom dei skal ut av kommunen. Ei omkøyring på om lag to timar.

– Vi har førebels ikkje vurdert andre måtar for transport. Fokus no er å kome seg fram og vurdere kva vi skal gjere vidare.

Finnsåstunnelen er 2,4 kilometer lang og det har også tidlegare gått ras i området, med eit landskap som er prega av høge fjell og steinurder.

Laster kart, vennligst vent...

RETT VED TANGEN: Raset har gått ved Finnsåstunnelen, like ved Årdalstangen i Indre Sogn.

Styrkar helseberedskapen

Ordførar i Årdal kommune, Arild Ingar Lægreid, seier at deira fokus no er å finne ut kva dei skal gjere for å tilby innbyggjarane legevakt. På kveldstid og i helgene ligg den i Lærdal, på andre sida av raset.

Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, seier at dei no styrkar ambulanseberedskapen i Indre Sogn som ein følgje av raset. I tillegg kan det bli aktuelt å bruke luftambulansen ved oppdrag der ein vanlegvis brukar bil.

– Primært vil ambulansane no gå via Tyin og Filefjell, og vi vil sende ambulanse frå Lærdal i møte for å sikre eit likeverdig helsetilbod i Årdal no når vegen er stengd av ras, seier Sægrov til NRK.

Sogn Avis melder torsdag ettermiddag at alle bussrutene som skulle gått forbi rasstaden er innstilte.