Hopp til innhold

Vegvesenet må berre stå og sjå på at Årdal blir isolert

Det kan ta fleire dagar før Vegvesenet får tak i det helikopteret dei treng til å rydde vegen inn til Årdal. Samstundes er kommunen med 5300 innbyggjarar no heilt isolert.

Raset i Årdal

FÅR IKKJE GJORT NOKO: Vegvesenet får ikkje gjort noko før dei får tak i eit større helikopter, og må vente på det til onsdag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi treng eit større helikopter enn det vi har fått tak i. Vi treng eit Super Puma, for det har ein tank på 3000 liter, seier byggeleiar i Vegvesenet Rune Dvergsdal.

Fylkesveg 53 inn til Årdal har sidan torsdag vore stengd av eit stort steinras. Søndag føremiddag vart den einaste omkøyringsvegen, Årdal-Tyin, også stengd.

Før Vegvesenet får kome skikkeleg i gang med å rydde vekk raset må dei reinske ut lausmassar i fjellsida over raset. Då treng dei eit veldig kraftig helikopter, seier Dvergsdal.

Han forklarer at det helikopteret dei har prøvd seg med til no berre har ein tank som tek tusen liter vatn, og at det rett og slett ikkje er kraftig nok når dei skal spyle vekk lausmassane i fjellet over raset.

– Vi har vore i kontakt med fleire helikopterselskap og med hovudredningssentralen, men det einaste dei kan tilby oss er helikopter med tusen liters-tank. Så vidt eg forstår finst det berre eitt Super Puma i landet, og det er ikkje tilgjengeleg før onsdag.

Kvifor ikkje?

– Fordi det er på verkstad. Det skal på service fjorten dagar i året, og det måtte kome nett no. Så det var ganske uflaks, seier Dvergsdal.

Frå før veit vi at mellom anna bedrifta Norsun er veldig frustrert over at Vegvesenet ikkje får gjort noko.

Super Puma

TRENG SUPER PUMA: Vegvesenet treng eit Super Puma-helikopter for å halde fram med arbeidet på rasstaden i Årdal.

Foto: Leif Hus / Airlift

Kommunen bur seg på isolasjon

Frå søndag kveld er det venta kraftig vind og ein god del snø i fjellet mellom Årdal og Tyin. Vegvesenet stengte vegen rundt klokka 11:30 på grunn av dårleg sikt. Ordførar Arild Inge Lægreid (Ap) seier at dei no bur seg på isolasjon ei stund framover.

– Vi jobba eigentleg heile dagen i går med å få tak i båtar som kan skysse pendlarar og skuleelevar inn og ut av kommunen.

Og Sogn og Fjordane fylkeskommunen har bidrege med båtar. Rutetidene er endå ikkje klare, men ordføraren håpar og trur dei skal klare å ta unna det meste av den naudsynte trafikken.

– Vi ser føre oss at båtane går konstant att og fram frå sekstida på morgonen. Så må dei kanskje ha ein pause midt på dagen, før dei går i full trafikk att.

Båt Frå Årdal

Skal ha sjukehusbåt klar

Kommunen set også ein båt i beredskap i tilfelle dei skal trenge å frakte nokon til sjukehuset i nabokommunen Lærdal.

– Men vi har ambulanse, legevakt og helsepersonell i Årdal også, seier Lægreid.

Det er ikkje venta at hovudvegen inn til Årdal kan opne før torsdag på det tidlegaste.